30 desember 2006

Jula 2006

Vidar og Kristine og pepparkakehuset anno 2006

Romjula nærmar seg slutten, og i år som alle år før har den vore full av mat og selskap i ulike former. Julafta var vi heime og åt middag, og på Grimberg(tanteonkelsyskenbarn 1 minutt ned i feltet) og opna pakkar. Eg har vore på 3.dagsfest med K/M, 10års konfirmantreff, familieselskap på farsida, pepparkakehusfest heime og familiebesøk til Øyvind sine svigers. Eg har fått møte mange av mine vennar og andre kjekke kjente!

Arja Aase er Andreas og Cecilie si jente. Andreas er den einaste som har vore på alle dei 21 pepparkakehusfestane vi har hatt. No er ho Arja inne i tradisjonen ho også! Her med sitt fyrste pepparkakehjerte!

I morga er det nyttårsafta! Eit nytt år med nye utfordringar kjem! Fyrst og fremst skal eg fortsette med Ten Sing Norway til 10.juni! Det gledar eg meg til!! Elles skal eg vel søke lærarjobbar rundtomkring! Det gledar eg meg ikkje så mykje til! Eg er ikkje så glad i å bestemme meg, og iallefall ikkje når det inneber eit flyttelass! Men: den tid, den sorg/glede! Eg trur nyttårsfortsette mitt i år skal vere å ikkje ta sorgene/bekymringane på forskot! I fjor hadde eg å ta imot utfordringar. Den fyrste eg fekk var å ta nyttårsbad i ishavsbygda Brandal(ein del av Hareid) og den tok eg og Tord! Eg skal gjere det i år, eller neste år som det blir, også! Faktisk så bada eg i havet på juleafta også!!

Eg håper eg ein gong får bli heilårsbadar i Brandal!

Godt nyttår!!

Ingen kommentarer: