27 februar 2010

H for hus



Eit skritt vidare i livet. Eg skal få større plass. Eg skal ha to stover; daglegstove og finestove. I daglegstova skal eg ha sofa, TV og kamin. I finestova skal eg ha Billy-hyller med vitrinedører, to stolar som skal stå slik at vi kan sitte å sjå ut det store vindauget, muligens eit spisebord som skal brukast når eg byd inn på ein betre middag og ein peis.

Eg skal ha eit kjøken som har meir skapplass enn eg treng, og som har oppvaskmaskin. Eit spisskammers som har endå meir plass, og som er kaldt. Eg får eit stort grønt bad. På loftet skal eg ha eit soverom og eit eige syrom der symaskina skal stå framme og soffet ligge synleg i hylla. Eg får og fleire gjesterom. Velkomen! I kjellaren er det endå fleire rom enn kva eg treng. Og viss du vil ut å fiske, så står fiskekjellaren slik farfar brukte den. Dette huset har altså tilhøyrt farmor og farfar. Det vart bygd rett etter krigen, og finpussa i fleire etapper etter det. No held eg på å skal gjere det triveleg for meg. Det er stort sett maling det går i, og eg får hjelp. Heldigvis!

Dette er noko eg er klar for. Klar for meir plass og klar for å bli Grimstad-taus igjen. Det er det eg er! Så snart; takk og farvel til livet på Bigset. No blir det H for hus!:)

26 februar 2010

B for blogg

Velkomen tilbake! Jo, takk skal du ha! Etter mykje dårlig samvittigheit og fleire etterlysingar, så skal eg nok ein gong prøve å bli flinkare til å blogge! Så fylg med!