23 desember 2007

Sokkedans


Dette bildet er teke under discotekte på ungdomsskulen sitt juleball. Kven bryr seg vel om mote når det rykkar i rockefoten?

15 desember 2007

1883 sider med ein god slutt

Eg har aldri vore glad i å lese tjukke bøker, men i haust var pappa så overbegeistra for ei bok han las at eg rett og slett fekk lyst til å lese ho. Eg las ho og var like begeistra, ja faktisk så begeistra at mamma ikkje klarte å halde seg frå å lese boka ho heller(detskalleggasttilmedlitaogsamanhengandeskriftathoikkjevarlike entusiastisksomossetterathovarferdig). Boka heiter Menn som hater kvinner og er skrive av svensken Stieg Larsson. Denne boka er den fyrste i ein triologi. Dei to neste bøkene heiter Jenta som lekte med ilden og Luftslottet som sprengtes. Alle bøkene har fått terningkast 6, og eg kan godt anbefale dei eg også! Eg har ikkje trudd at eg skulle like krimbøker, men dersom det er dette som er krim, så kjem eg til å lese meir av den sjangeren!

Eg veit det er mange som held på eller skal lese bøkene, og eg er ute av trening på å skrive bokmelding(eg skal øve meg ein annan gong...). Difor har ikkje tenkt å sei noko om kva dei handlar om, viss du vil høyre så ta kontakt! Berre ein kommentar skal eg ha, og det var at fyrste boka hadde ein utilgjeveleg slutt. Eg hadde lyst å klippe ut dei tre siste avsnitta, men klarte å hegne meg. Eg visste at det kunne bli bra igjen, fordi der var to bøker eg enno ikkje hadde lese. No er eg altså ferdig med 1883 sider, og er godt fornøgd. Faktisk så fornøgd at eg las siste sida fem gongar før eg leverte ho inn på biblioteket(mulegateinkunneskimtenokretåreiaugekrokenogså)!



"Så åpnet hun døren og lot han komme inn i livet sitt igjen!" Akk!

Eg er blitt vaksen!

Det er tre grunnar til at eg har verkeleg er blitt vaksen denne hausten. Her er dei:

1. Det starta med eit brev eg fekk i juni. Der stod det at eg blei tilbudt ei 80% stilling ved Ulstein Ungdomsskule med lektorløn. Både mamma og eg stussa, for eg er som mange veit ikkje lektor, men adjunkt med opprykk. For dei som ikkje er heilt inne i lærarutdanninga, så er lektor ein lærar med mastergrad. Og det har ikkje eg, sjølv om eg har studert lengre enn det master tilsei. Eg valde det slik! Dette brevet viste seg å vere sendt feil. Stor glipp av Ulstein kommune! Men det ordna seg for meg, for ca ei veke etter fekk eg telefon frå rektoren ved skulen og sa at ho hadde jobb til meg! Eg starta i august med 80%, men gjekk opp til 100% berre etter ei veke. Så no er eg fulltidsansatt!

Eg trivast i jobben, både med dei vaksne og elevane. Vi er fleire frå Hareid som jobbar der, så innimellom må vi kjempe litt for det vi trur på. Vi var på fjelltur i haust, og på bilde her måtte vi tulle litt med elevane. Vi skulle sjå kor lang tid det tok før dei oppfatta kva ho Kristin gjor midt i blant dei! Dette bilde blei tatt i det dei oppdaga det! Hehehe! Makt til Hareid!:)


2. Eg skreiv i ein post i juni at eg fekk beskjed frå dei vitande vaksne å ha is i magen med tanke på jobb. Når eg så fekk det, rengte eg ein bil. Eg kjøpte ein Opel Astra den 7.august. Det er min fyrste, så eg vil nok hugse den for alltid! Den har enno ikkje fått namn, eg ventar på at det perfekte skal kome til meg ein dag!



3. Eg leiger leilighet åleine. Eg har faktisk aldri før budd åleine. Enten heime, på TSN x2, på studentheim eller i kollektiv. Eg er vand med å ha folk rundt meg til ei kvar tid, så det er til tider ganske kjedelig. Heldigvis har eg mange folk rundt meg på jobb og på ein del ting eg gjer utanom det! Det går seg vel til har eg (nesten) slått meg til ro med...

Sidan eg alltid har budd møblert, så hadde eg ikkje så mykje å møblere leiligheta med. Eg måtte ut å få tak i litt av kvart. Eg har stor sett fått eller kjøpt brukte ting, og det er fleire grunnar til det. Eg synes det er mykje fint i det gamle, eg synes det er kjekt å pusse opp ting og det er billig! På bilde hjelp pappa og Espen meg med gamle møblar eg fann i huset til ho farmor og han farfar. Bilde under er frå leiligheta mi, der det viser korleis bordet og stolane vart sjåande ut.


Så no har eg ein vaksen kvardag, og eg trivest med det!

14 desember 2007

Avslutningveka på TSN

"Neste post skal kome med bilder frå denne veka!" Dette skreiv eg 1. juni i år. No skriv vi 14. snart 15. desember, og eg har enno ikkje gjort det. Kva eg har gjort det siste halvåret skal eg kome tilbake til i neste post, no skal eg skrive litt om avslutningveka vi hadde på TSN!
Slik såg romet til Ragnhild og meg ut då vi heldt på å pakke. Min del er til høgre...og på grunn av x antal kolli fekk eg alt med meg! Heldigvis! Eg veit ikkje kva av alle dei billige varene eg hadde kjøpt eg skulle ha lagt frå meg! Vi køyrde med buss frå Litomysl til Silkeborg! Ein tur som over all forventing ikkje var så lang som vi hadde grudd oss til. Og når vi venta på noko godt-så venta vi heller ikkje denne gongen forgjeves! Vi kom fram til Silkeborg midt på natta og blei der heile dagen og ei natt til! Nokon av alevane frå Euro class var der fortsatt, og eg var spesielt glad for at Laura-Liisa frå Estland var der!


Morgonen den andre dagen sette vi oss på nytt på bussen som då køyrde oss til Fredrikshavn. Der tok vi same båten som vi tok heim til jul eit halvår før. Og vi åt same måltid som vi åt eit halvår før. Lunsjbuffeen på danskebåten er ikkje oppskrytt!

Då vi kom til Rønningen hadde vi ein del å fikse sånn på tampen av året, men i fokus var avslutningane med teama og heile gruppa. Eg tok med teamet mitt i Frognerparken, der vi kosa oss med frukt og frisbee. Vi var hos Joachim og åt reker og på konsert med Skøyen Ten Sing. Vi såg filmen frå Balkan og vi delte ut avskjedsgåver. Ein flott kveld!

Ein del av teamet; PK, Erik, Hanne, Joachim, Siri og eg.

Så var det tid for festkvelden for heile gjengen. Vi hadde gudsteneste, grilling med dessert ute i fineveret og programkveld inne. Under er bilde frå då vi leiarane hadde laga dans til Mika sin Lollipop-song.



Det var ein kveld med mykje godt program. Vi fekk også oppklart karabingåta til ho Mari! Eg gav ho alle karabinane som har vore i omløp sidan i fjor haust, og forklarte stort sett heile hendelsesforløpet! Det har vore ein kjekk og langvarig spøk! Ikkje sant?!?:)



Då vi hadde sendt heim alle deltakarane, tok vi oss ein tur på ein av båtrestaurantane ved Aker brygge og spiste reke! Nydelig ver, god mat og kvitvin! Det var faktisk ein av mine draumar som gjekk i oppfyllelse denne dagen! Eg tenkte lenge at eg ville lære meg å like kvitvin, slik at eg ein gong kunne ete reker og drike kvitvin på ein båtrestaurant. Kvar denne draumen i utgangspunktet oppsto har eg ikkje peiling på, men no kan eg iallefall krysse han ut!:)



TUSEN TAKK FOR EIT FLOTT ÅR!