29 mai 2009

Ungdom

Du veit at kvisa er i største laget når solbrillene heng igjen i panna berre du rynkar på nasen.

20 mai 2009

17.mai

Sist eg feira 17.mai på Hareid var i år 2000. Eg har altså feira nasjonaldagen vekke frå øya åtte gongar i denne rekkefølgja: Pila i Slovakia, Rakkestad i Østfold, Bø i Telemark, Bergen, Oslo, Bergen, Litomysl i Tsjekkia og til slutt ein til i Bergen. 17.mai for meg handlar om å vere der det er folk. Å ha det kjekt i ei god feststemning.


17.mai i år starta med kranspålegging av minnesteinane for dei som har kome bort på havet. Sola skinte slik at eg gjekk i skuggen for å ikkje bli for varm. Det er ikkje vanleg for 17.mai her på desse kantar.


Etter gudstenesta var det barnetog som varte og rakk. Her er vi på veg oppom sjukeheimen for å helse på dei som bur der.


Dette er eit bilete frå 17.mai i fjor i Bergen. Aina og eg slappa av etter eit godt og innhaldsrikt koldtbord. Måtte berre ta det med, for det er ein del av nasjonaldagen dette og. I år fekk eg meg ein power nap før vi for på friluftsmøte på Hadartun.


Etter mat hos Øyehol og folkefesten fekk eg endeleg dagens fyrste og siste is.

Speidarlykke

Å leve ute i naturen er heilt fantastisk, spesielt når det er fint ver. Det er mange grunnar til dette, og eg vil i denne posten få fram litt av det som er så fint med speidarlivet.

Speidarlykke er for meg å vakne opp i ein gapahuk som er open i front, og sjå og høyre dette:

Det er heilt stille og rolig, kanskje berre ein leir som er oppe og som så vidt har begynt på høgging og fyre bål i det fjerne. Sola skin mellom trea, det er tørt ver og det einaste eg skal gjere er å stå opp og få fyr på bålet vårt. Morgonane er ubetaleleg på slike turar.

Speidarlykke for meg er bål.

Alt med(kontrollerte, og ikkje alltid fullt så kontrollerte) bål er bra. Å berre brenne bål, å sitte rundt bålet og å lage mat på bål.

Speidarlykke for meg er å fare på leir og bygge det vi treng.

Gapahuk, kjøken, bord, benkar rundt bålet og andre ting som kan vere praktisk.

Speidarlykke for meg er humor.

Ny humor og god gammal speidarhumor. Ein god speidartur/leir innehelde mykje fliring.

Speidarlykke for meg er å vere saman med kjekke folk ute i det fri.

Å berre sitte rundt bålet i time etter time. Ete god mat, god drikke og godt snop. Prate god prat, prate berre tøys og fortelle historier. Alt dette er speidarlykke.