
Mandags morgen klokka 07.48 gjekk toget frå Drammen. Strålande sol og vårvèr heile turen. Vi var framme i Koparvik om kvelden. Der fekk vi bu på eit ungdoms- og eldresenter. Kjekt for oss! Der var både trådlaust internett og frisørsalong, og vi fekk bruke begge deler!

Hanne som frisør og Stine som kunde. Eg trur nesten heile teamet fekk vaska hår i "ekte" frisørvask desse dagane!

I Koparvik fann vi ei butikk som selde juicen vår. Den same som eg har reklamert for i ein tidlegare post. Eg smakte han fyrste gongen helga før vi reiste på denne teamperioda, og falt pladask! Så då blei det til at eg introduserte den til teamet mitt. Ein kan vel seie at nokon blei litt meir glad i den enn andre. Joachim og eg er vel dei som er aller ivrigast, så når vi fann han i butikken ved sidan av der vi budde, så kjøpte vi like godt litt fleire, slik at vi hadde ei stund!

Ein kveld laga vi til teamkveld der vi skulle opptre for kvarandre, berre vi åtte i teamet. Målet var at det skulle vere lavterskel, og at ein skulle få gjere nøyaktig det ein hadde lyst til. Seiøst eller useriøst. Det blei leikar, konkurranser, bildekavalkade, song og mykje anna.

Etter vi hadde vore på Karmøy nokon dagar, for vi inn til Haugesund. Der var vi med på Elvis og Ten Sing. Det var nokon fine dagar før vi tok påskeferie!
3 kommentarer:
Her må eg seie du har teke deg på tak, Ellisiv. For ei oppdatering!Og for eit liv. Kan få sveittebrot berre av å lese om det. Kos deg i Tjekkia; nyt sola og hels kjende. Gler meg til vi sjåast.
Og fyrsteplassen i NM i oppdatering gjekk til Ellisiv Gryt Grimstad!
Hadde vore utruleg artigt å vore fluge på veggen og drikke juice mens de hadde hatt teamkveld!:p
Legg inn en kommentar