
Då eg var mindre hugsar eg at pappa brukte å kjøpe høner hos Hallgeir(for deg som ikkje kjem frå øya: Hallgeir er han som har hønseri på Hareid). Pappa brukte å flå dei sjølv og vi ungane stod spente rundt og venta på at han skulle finne egg som endå ikkje hadde fått hardt skall. Eg hugsar det som noko spennande og kjekt! No for eit par dagar sidan drog pappa og eg til Hallgeir for å kjøpe høner. Vi fekk 20 stykk daude høner som vi skulle flå. Pappa viste meg korleis eg skulle gjere det; skjere av føta, vingane og stjerten(på hønsespråket heiter denne vøle). Så sprett du opp skinnet og dreg det av høna. Deretter skjere ein til og dreg ut innvollane. Så skal ho vaskast og frysast.
Heilt ærlig så var dette ei veldig kjekk oppleving, tru det eller ei! Vi flirte mykje! Eg har snakka med fleire om det, og tilogmed informert mine msn- og facebook-vener. Eg tok fleire makabre(sett i ettertid) bilder og hadde store planar om å legge dei ut her på bloggen. Derimot slit eg no når eg skal velje ut dei eg skal ta med. Synest nesten det er litt kvalmt å sjå på dei blodige bilda. Difor får dokke som les bloggen min ta til takke med eit som talar for seg sjølv. Og eg kan godt tenke meg at mange av dykk er vel fornøgd. Er du særskild interessert så får du heller ta kontakt og eg skal halde ei lysbildeframsyning for deg!

6 kommentarer:
Takk for at du ikkje delte fleire bilde! Det va meir enn nok for mej;) Men hønsa ringte na Hallgeir i stad, å sa dei hadde komt vel fram...
Ej kunne godt tenke mej et par bilde =)
ÆSJ!!!!
Dette høyrtest jammen kjekt ut. Får ein kjøpt levande høner av Hallgeir også???
1. Fann du egg uten skal?
2. Kan ej booke dej for ei lysbildeframsyning i juni?
Ej også e ledig for lysbilder i juni :) Dessuten så e ej fortsatt litt snurt for den foten du nesten lokka med ;-)
Legg inn en kommentar