14 september 2008

...og her kjem resten av lærarferien min!

No tek eg til vett etter litt press frå omverda! forrige post var 3.juli, og no er det 14.september - på tide med ein ny post altså! Etter speidarleir gjekk turen til Skjerstad det Morten og Ann Kristin gifta seg 4.juli! Gratulerer!


Det vart berre ei helg denne Skjerstadturen og, men til gjengjeld rakk eg å møte stort sett heile Gryt-slekta! Den nye sporten her oppe er frisbee golf, så søndagen gjekk med til Skjerstad Open saman med mange syskenbarn, andre innbyggarar og tilreisande!


Mandags morgen for pappa, mamma og eg til Gran Canaria. To veke med sol og sommar saman med naboane Ole Kristian, Arnhild og Ingvil. Anfi del Mar og Anfi Tauro -ei veke på kvar plass i flotte leiligheter! Strålande sol og litt bris!
Ein typisk dag på Gran Canaria!


Så venta Overåsanden på meg då eg kom heim! Borte bra, men ingenting er som SANDEN på ein flott sommardag heime!
Ein typisk dag på Overåsanden!


Det blei mykje ollj i sommar! Og kjekt var det! Ranate, Camilla og eg tok og tilogmed ein tur til Kvamsøya! For fyrste gong i mitt liv faktisk. Ein kamerat av Renate var på ferie der, så då var det berre å reise! Tre kvarter med ferge kvar vei må planleggjast! Yatzy er tingen!


Helga 8.-10. august kom vi oss endeleg avgårde til det flotte Bremanger, nærare bestemt Grotle!
Fem jenter på tur! Gjennom Firdaposten vann vi billettar og back stage til DDE! Humor! Konserten var konge og back stagen var meir så som så...spør viss du vil høyre om det!
Men alt i alt var helga kjempekjekke!

2 kommentarer:

Renate sa...

Sjå på gjengen!
ej flira =)
kjekt at du oppdatera igjen, Ellisiv. Ej he en plan om å gjere det same.. Fæ sjå ka tid det skjer.
Ha ei strålande arb.veke!

Skjoldmøy sa...

Moro at ho Renate igjen uttala at ho he tenke å oppdatere. Det trurkje ej før ej ser det also... Og moro me update elli, kjekt å lese:)