Fyrste dag i Stocholm møtte vi Stine, som har fysioterapipraksis der, og venninna hennar Marianne. Vi tok ein tur til tv-tårnet Kaknas og drakk kaffi, og eg fekk smake på den svenske spesialiteten Semla. Det er fastelavensbolle med eit lag marsipan inni. Nam! Bilde ser du under. Frå tårnet fekk vi sett utover store delar av Stocholm, som er ein fin by ein helst bør besøke når trea har fått blad på seg.
På veg heim frå tårnet kjørte vi forbi eit kult skilt eg ikkje rakk å ta bilete av. Synd! Viss eg skulle vedde, hadde eg satsa på at det var ein primitiv mopedinteressert 15-åring frå Hareid som hadde sett det opp. Der stod nemleg: "Ej moped".
På søndag kom Silje frå Bergen. Vi føle at vi fekk "gjort" Stocholm på dei dagane vi var der. Både inn og ut av kjøpesenter, handlegata og ein tur til Söder som har eit område med kulare butikkar.
Bilde under var eit vanleg syn denne veka. Det var ikkje berre Hedda som handla, men ho har, kan eg vel innrømme, litt betre shoppe-kondis enn meg. Vi laga oss en humorregel på turen. Det var ikkje lov å bli sur, sliten eller svolten. Dei tre S-ane. Og det er vel dette som ligg til grunn for at eg oftast satt og såg på beina til Hedda. Eg var verken sur eller svolten, men littegranne sliten til tider. Enig Hedda?
På tirsdag reiste vi til København. Det er dejlig å være norsk i Danmark, det er sant! Vi likar det iallefall veldig godt. Der gjekk vi også mykje i butikkar, for vi likar butikkane der. I København traff vi ein kollega av Hedda og systra hennar. Ho tok oss med til eit supersøtt(på alle måtar) te-hus.
Ein annan av dagane traff vi Andreas, ein som gjekk på Silkeborg då vi var der. Og så kom Guro, kusina til Hedda også på vinterferie til byen. Under ser du to leitande kusiner på Højbro plads(i mangel på dei tre små kineserane). Det er kjekt å teffe på kjentfolk på andre stadar enn ein gjer til vanleg!

1 kommentar:
Sjøl takk! Og ein spesiell takk for at du framhevar shoppekondisen min (som heilt klart er den beste kondisen eg har...)
Legg inn en kommentar