02 juli 2009

TT:09 Tro på det utrolige

23.-28.juni var det TT:09(Tenåringstreff i Norges KFUK-KFUM). Tord, Anna Josefin og eg var med Hareid Ten Sing som leiarar. Bussturen nedover var normal, litt lang og litt trøtt. Dess nærare vi kom Gjøvik, dess varmare vart det i bussen. To grunnar til det: 1) temperaturen ute blei varmare, og 2) temperaturen i motoren blei varmare. Stadige stopp for å fylle på vatn løyste det problemet.Under er Anna, Henriette, Kristin og Tore i velkjent bussmodus.


Temaet for TT:09 var "Tro på det utrolige". Kvar dag hadde sitt undertema. Desse fire bilda vart mala ettersom dagane gjekk, og dei viser kva som var tema for kvar dag.



Her kjem nokre bilde som viser TT på sitt beste. Vi hadde sol og nesten 30 grader kvar dag.

På TT er det hallprogram både morgen og kveld. Her er Draup under eine morgonprogrammet i fjellhallen.


Når det ikkje var hallprogram, så var det aktivitetar på Gjøvik gård. Bildet er teke då Sogn og Fjordane møtte Møre og Romsdal til nordvestmesterskap i sumobryting.


Ein dag gjekk turen til Fastland, eit utandørs badeanlegg. Vi gjekk saman med heile krinsen til der vi skulle vere, og hadde ein fantastisk dag i badeklede og solkrem.




For meg så er TT ein plass der eg kan møte sysken, syskenbarn og mange vennar og bekjente.

Sysken! Her er Gard, eg og Tord. Dei sei vi er like, og eg trur ikkje Øvind heller hadde vore så ulik om han joina oss med pilotbriller.


Syskenbarn! Ann Kristin, Elise, Marit, Sindre, Kristian(bekjent) og Morten.


Vennar og bekjente! Øyvind og Øyvind.


TT er også å kunne gå rundt i gatene, butikkane, snakke med folk, flire, finne på kjekke ting også vidare.


Fredrik viser solbrillemoten i år. Etterkvart som dagane gjekk vart det meir og meir umulig å kjenne igjen folk bak dei heilt identiske store solbrillene.


...og vi var ikkje noko unntak.


Stemninga på topp i bussen på vei tilbake til skulen ein kveld.


Det fyrste vi forsikra oss om då vi skulle til å reise heim med den same bussen som vi køyrde i til TT, var om problemet med motoren var fiksa. Det var det. Det som skjedde på heimturen var at 1)bussjåføren rygga på ein lyktestolpe, og 2) venstre indre bakdekk punkterte rett før Bjoli. Vi kom oss trygt heim.

Så var TT:09 over, og resultatet ser ein her: Ein trøtt deltakar med TT-armband og store solbriller.



Til slutt ein hyllest til TT:09

Du e svett
Ej e svett
Vi e på TT:09

4 kommentarer:

Anna Josefin sa...

fy søren altso! takk for ei kjekke oppdatering.
Ellis, DU ROCKA!!! :D

Anna Josefin sa...

og priceless bilde ta draup der! :D haha..

Anna Josefin sa...

dei raude solbrillene so han fredrik he på panna e forøvri ekte vintage brille frå kjellaren vår. :D Birte fann dei, Sigrid hadde dei på 80-talet en gong! STILIG.

Birte :) sa...

haha!:D hærli!

du e svett,
ej e svett,
vi e på TT:09!