
Eit skritt vidare i livet. Eg skal få større plass. Eg skal ha to stover; daglegstove og finestove. I daglegstova skal eg ha sofa, TV og kamin. I finestova skal eg ha Billy-hyller med vitrinedører, to stolar som skal stå slik at vi kan sitte å sjå ut det store vindauget, muligens eit spisebord som skal brukast når eg byd inn på ein betre middag og ein peis.
Eg skal ha eit kjøken som har meir skapplass enn eg treng, og som har oppvaskmaskin. Eit spisskammers som har endå meir plass, og som er kaldt. Eg får eit stort grønt bad. På loftet skal eg ha eit soverom og eit eige syrom der symaskina skal stå framme og soffet ligge synleg i hylla. Eg får og fleire gjesterom. Velkomen! I kjellaren er det endå fleire rom enn kva eg treng. Og viss du vil ut å fiske, så står fiskekjellaren slik farfar brukte den. Dette huset har altså tilhøyrt farmor og farfar. Det vart bygd rett etter krigen, og finpussa i fleire etapper etter det. No held eg på å skal gjere det triveleg for meg. Det er stort sett maling det går i, og eg får hjelp. Heldigvis!
Dette er noko eg er klar for. Klar for meir plass og klar for å bli Grimstad-taus igjen. Det er det eg er! Så snart; takk og farvel til livet på Bigset. No blir det H for hus!:)

6 kommentarer:
Grattis! Dette blir råflott!
love it! Påskeposs?
Håpar vi får sjå litt inni huset også etter kvart! (ja, eg veit eg kan komme på besøk:)
Grattis! Ditte va litt morsomt. Ej drømte i natt at du ha flytta dit.. Hadde ingen aning om at du faktisk skulle flytte dit då. Kjekt:)
Detta liker vi!!!
Takk for kjekke innlegg jenter!
Mari: jess og takk!:)
Anis: kanskje det...teke litt langs med, så vi får sjå kor langt ej he komt til då!:)
Hedda: bilde skal kome og du e velkomen!;)
Annika: hehe...kult(då e vel ei meining m det!;)) Her blir d plass til TP-party og du e invitert!:)
Sunniva: heilt sant!:)
Legg inn en kommentar