Før jul var vi stasjonert på en dansk folkehøgskule. Vi var stort sett i ro, med unntak av teamperioda, der eg var på Balkan og litt rundt i Danmark. No etter jul er det reising som står på planen. Foreløpig har turen vore: Hareid-Tromsø-Finnsnes-Bodø. Så er det opp igjen til Hamarøy, sør igjen til Fauske, tog derifrå til Trondheim og so skal vi ta buss til Hareid. Turen endar ikkje der, men det får eg ta igjen når vi er komne dit. Det er nok nokon bloggar som skal skrivast før den tid!;)
I Bodø har vi vore med på Ten Sing-øving og lært ein sang av Seigmenn som heiter Döderlein-eit klart eksempel på dette med at vi skal møte ungdomane der dei er!:) Vi har også hatt fire konfirmantgrupper i Bodin Kirke. Ein dag fann eg ein gutekonfirmant som likte Bobbysocks! Sjansen for det?!?KONGE! Det varma eit 80-tallshjerte(som teamdeltakarane mine meina at eg har). Dei kallar meg for 80-ungdom, trass i at eg var berre 8 år når puddelrocktiåret forlot oss. Men jada, eg kan godt innrømme at eg overhode ikkje har noko imot å bli bedt på 80-talsparty!:)

2 kommentarer:
Men køyre dåkke E6, den strakaste vei?
Mhm...om ikkje akkurat den strakaste vei...så e vi iallefall en del på E6'en...og vi synge sangen også!:)
Legg inn en kommentar