13 februar 2007

Hamarøy 25.jan.-28.jan. 2007

Stine 20 år!!
Dagen starta med buss frå Bodø til Hamarøy. Stine er den einaste på teamet som er aktiv kaffidrikkar i tillegg til meg. Det er kjekt å vere saman om ting! Eg har, som ein fjerdedel av TSN, gått til innkjøp av Statoil sin gratis-påfyll-termos. Denne morgonen fekk eg fylt den opp, og serverte bursdagskaffi på bussen.












Teamelim var dei fyrste som ankom Hamarøy, og vi feira ho Stine med iskake, brus og Pitbull-Terje på DVD!:)








På Hamarøynatta, som er konfirmantnatt med turneringar og show, så var Lasse Gustafsson der. Han snakka om å gjere det ein har lyst å gjere! Om å ha tru på at ei er god nok! Eit tema vi formidlar gjennom konserten vår, og som vi seinare på turneen også får møte på Vintertreff.







Så fekk vi oss endeleg nokon avslappande daga til å gjere nettopp det kvar og ein av oss hadde lyst til! Mykje av tida gjekk til å sjå filma. TSN 00/01-videoen på fire tima blei vist for interesserte(no i etterkant vert den faktisk berra kalla 0001-videoen..den e berykta..hehe), og så må eg vel seie at High School Musical også er ein slager på TSN i år! Iallefall for nåken...for min eigen del, så er det den første filmen eg nokon gong har slakta..beklager Hanne, Joachim, Maria og alle dokke andre på TSN som føle dokke trufne av dei harde orda.. Opphaldet på Hamarøy endte med at bussen vår køyrde seg fast 70 meter i frå kyrkja der vi budde. Heldigvis var ikkje tida altfor knapp dinne kvelden. Vi blei henta av ein ny buss, og så kom vi oss på toget til Trondheim. Turnéen kan altså fortsette!

3 kommentarer:

Marthe-Julie sa...

Er videoen vår berykta???

Ellisiv sa...

Blant nåken av deltakarane våre ja!:) for eksempel ditte "frieriet" til Siggen he nåken av dei dramatisert fleire gonga!;)

minime sa...

så bra. Det "frieriet" er jo helt fantastisk!