12.mai var det tid for den årlege Grand Prix-finala -også i Tsjekkia, sjølv om dei på lik linje med Norge ikkje fekk vere med og synge. Nokon av deltakarane laga til GP-fest, og for fyrste gong på mange år synest eg det var kjekt å sjå på GP-finala! Resten av oss fekk i oppdrag å stæsje oss opp. Dei som kjenner meg godt veit at ynglingssongen min er vinnarlåta frå 1985; La det Swinge med Bobbysocks. Dessverre for meg så ligg alle Bobbysock-look-a-like-klena mine heime, så då måtte eg finne eit alternativ. Eg leita litt på nettet og las meg til at bobbysocks er det engelske namnet for ankelsokkar, så kva blei då meir naturleg enn å finne fram dei sokkane som likna mest muleg på "ordentlege" bobbysocks!Vi fekk låne eit rom på slottet og vist programmet på storskjerm. Vi blei inndelt i land, og vi fekk utdelt poengark der vi fylte ut show, vokalprestasjon, songen, kle/klesskift, modulasjon. Alt vi treng for å kåre ein vinnar. Mitt land var Tyrkia og vi stemte Sverige på fyrsteplass. Det viste seg å vere totalbom. Derimot hadde vi Serbia på tredjeplass, og dei gjekk heilt til topps! Ikkje ein direkte GP-låt, men ein god prestasjon!:)

2 kommentarer:
Set stor pris på informasjonen om ordet "bobbysocks". Herleg trivia. Kvelden var ellers framifrå.
Et forsinka "GRATULERER MED DAGEN" fra meg til deg. Håper alt er bra med deg!
Legg inn en kommentar