01 juni 2007

Alle desse dagane, kva har eg gjort?

Eg lurer faktisk på om dette blir min fyrste blogpost uten bilete. Ein gong måtte det og kome. No skriv vi 1.juni og det er tre dagar til vi reiser frå Litomysl. Trass i stabilt internett den siste tida, har eg ikkje hatt tid til å skrive her. Det er lygn, men er har iallefall ikkje hatt tiltakslyst. Derimot er det mykje anna eg har gjort. Eg har til dømes sola meg ein god del. Eg likar sola i Tsjekkia! Eg har hatt mitt fyrste lærarjobbintervju -uten å få jobben. Det er ikkje trist altså. Planen min for hausten er å flytte til Hareid, bu i heimen vår fram til eg tenar nok pengar til å bu åleine. Eg satsar på at det ikkje tar for mange månadar! Eg har og lyst å kjøpe meg ein bil, slik at eg kan vere raskt på staden dersom ein rektor ringer meg. Muleg det blir nokon timar i pleie-og omsorgetaten også. Vi får sjå. Dei vaksne, som har peiling på dette med lærarjobbar og vikariat, rådar meg til å ha is i magen i haust. Ok!

Det har og blitt ein del tid til å spele frisbee og volleyball. Det har vore kjekt. Ja, og apropo frisbee(eller skjeneplate som det heiter på norsk) så har eg fylt 26år sidan sist eg skreiv her. Litt skeptisk til at eg har bikka 25, men det er fint lite å gjere med det. Eg tar det med eit smil og leikar meg med skjeneplatene! Det er ingen som vert yngra med åra uansett!

Litt handling har vi og hatt tid til i Litomysl. Ein typisk butikk her er at eg kjem inn, helsar på den i den asiatiske familia som er ledig til å hjelpe meg, eller som berre fylgjer med på kvar eg går og kva eg ser på. Til høgre er kassa som er overfylt av øyredobbar til seks norske kroner, diadem med dødningsskallar, mobiltelefonetui, tynnesokkar, neglelakk osb. Til venstre heng øyredobbar i "gull" og plastikk og capsar og huer til born. Vel du å gå til høgre kjem du til barneavdelinga, rett fram er prøveromet og rett frem og til høgre er dameavdelinga. Der er det toppar som når meg til mellomgolvet og som strammar over brysta, trass i at størrelsen er XL/XXL. Neida, det er ikkje fullt så gale, men heller ikkje langt unna. Ei dame stoppa meg i å prøve ein topp i denne størrelsen ein dag. Ho meinte nok at den kom til å bli ødelagt. Takk for den tenkte eg, og gjekk derifrå. Det er ikkje mykje som er dyrt i dette landet, iallefall ikkje i slike familiedrivne butikkar. Kjolar med prikkar og shortsar med ruter er blitt dei nye Ten Sing Norway-klena. Faktisk så har eg ikkje kjøpt nokon av dei, men ein del anna. Er ikkje det nett slik at det som er billig er bra? Vi får vel sjå kor lenge klena held saman i saumane og øyredobbane let vere å bli grøne. Så lenge er vi iallefall førnøgde!

Før jul var eg ei natt borte frå deltakarane. Då var eg i København med Silje. Denne våren har eg og vore borte ei natt frå deltakarane. Andreas og eg var i Praha. Når vi er fire leiarar på eit slikt prosjekt, og to av dei er gift, så blir det avogtil slik at ikkje alt er like logisk. Det var fleire som stussa på at det var vi to som skulle reise, men vi hadde ein fin tur vi! I Praha har dei litt større utvalg av butikkar enn i Litomysl. Vi var innom ganske mange av dei meir kommersielle butikkane og ein god del sports- og friluftsbutikkar. Vi var godt fornøgd begge to. Vi fekk og brukt litt tid på ymse cafèar og ein god biff på restaurant. Denne biffen var ekstra god, men det å gå på restaurant er ikkje luksus for oss lengre. Det er fordi vi er ute å et middag kvar dag her nede. Heldigvis er her litt å velge i mellom. Mexicansk, pizza, vanlig restaurantmat, kinesisk og tsjekkisk om ein vil. Det er blitt ein vane, så eg lurer på korleis det skal gå når vi kjem til Noreg igjen. Der vil summen på det same måltidet bli meir i norske kroner enn det vi betalar i tsjekkiske korun. Trass i at vi deler summen her på ca 3,4 for å finne norsk pris.

Vi har og feira 17. mai med tre gongar tre HURRA. Dersom du vil lese om det og sjå bilete frå dagen, så kan du gå inn på Hedda sin blogg. Linken er til høgre.

På veg heim til Noreg skal vi stoppe to netter og ein dag på Silkeborg Højskole. Gleda var stor då vi oppdaga at vi kunne gjere det, og den var ikkje mindre då vi sa det til deltakarane. Det vert nokon fine dagar i avslutningsveka. Ei veke som kjem til å bli trist og fin. "Jeg både gruer meg og gleder meg", som Klovner i Kamp syng. Neste post skal kome med bilder frå denne veka!
Takk og godnatt frå Litomysl.

1 kommentar:

Silje sa...

Saknar nyhende om alt som skjer no når du har vorte vaksen Ellisiv. Kvar vert det va bilkjøpet, leiligheita, kjøleskapet til 5000 spennj, jobben, gryttreffet, Det lova (hareid)landet?