Eg har aldri vore glad i å lese tjukke bøker, men i haust var pappa så overbegeistra for ei bok han las at eg rett og slett fekk
lyst til å lese ho. Eg las ho og var like begeistra, ja faktisk så begeistra at mamma ikkje klarte å halde seg frå å lese boka ho heller(
detskalleggasttilmedlitaogsamanhengandeskriftathoikkjevarlike entusiastisksomossetterathovarferdig). Boka heiter
Menn som hater kvinner og er skrive av svensken Stieg Larsson. Denne boka er den fyrste i ein triologi. Dei to neste bøkene heiter
Jenta som lekte med ilden og
Luftslottet som sprengtes. Alle bøkene har fått terningkast 6, og eg kan godt anbefale dei eg også! Eg har ikkje trudd at eg skulle like krimbøker, men dersom det er dette som er krim, så kjem eg til å lese meir av den sjangeren!
Eg veit det er mange som held på eller skal lese bøkene, og eg er ute av trening på å skrive bokmelding(
eg skal øve meg ein annan gong...). Difor har ikkje tenkt å sei noko om kva dei handlar om, viss du vil høyre så ta kontakt! Berre ein kommentar skal eg ha, og det var at fyrste boka hadde ein utilgjeveleg slutt. Eg hadde lyst å klippe ut dei tre siste avsnitta, men klarte å hegne meg. Eg visste at det kunne bli bra igjen, fordi der var to bøker eg enno ikkje hadde lese. No er eg altså ferdig med 1883 sider, og er godt fornøgd. Faktisk så fornøgd at eg las siste sida fem gongar før eg leverte ho inn på biblioteket(
mulegateinkunneskimtenokretåreiaugekrokenogså)!

"Så åpnet hun døren og lot han komme inn i livet sitt igjen!" Akk!
2 kommentarer:
Eg er glad for at du har begynt å blogge igjen! Har liksom ikkje hatt hjerte til å slette deg frå lenkelista mi, og det lønte seg til slutt! (No slepp eg jo å legge deg til igjen:)
Takk for at du hadde trua på mej!:)
Legg inn en kommentar