15 desember 2007

Eg er blitt vaksen!

Det er tre grunnar til at eg har verkeleg er blitt vaksen denne hausten. Her er dei:

1. Det starta med eit brev eg fekk i juni. Der stod det at eg blei tilbudt ei 80% stilling ved Ulstein Ungdomsskule med lektorløn. Både mamma og eg stussa, for eg er som mange veit ikkje lektor, men adjunkt med opprykk. For dei som ikkje er heilt inne i lærarutdanninga, så er lektor ein lærar med mastergrad. Og det har ikkje eg, sjølv om eg har studert lengre enn det master tilsei. Eg valde det slik! Dette brevet viste seg å vere sendt feil. Stor glipp av Ulstein kommune! Men det ordna seg for meg, for ca ei veke etter fekk eg telefon frå rektoren ved skulen og sa at ho hadde jobb til meg! Eg starta i august med 80%, men gjekk opp til 100% berre etter ei veke. Så no er eg fulltidsansatt!

Eg trivast i jobben, både med dei vaksne og elevane. Vi er fleire frå Hareid som jobbar der, så innimellom må vi kjempe litt for det vi trur på. Vi var på fjelltur i haust, og på bilde her måtte vi tulle litt med elevane. Vi skulle sjå kor lang tid det tok før dei oppfatta kva ho Kristin gjor midt i blant dei! Dette bilde blei tatt i det dei oppdaga det! Hehehe! Makt til Hareid!:)


2. Eg skreiv i ein post i juni at eg fekk beskjed frå dei vitande vaksne å ha is i magen med tanke på jobb. Når eg så fekk det, rengte eg ein bil. Eg kjøpte ein Opel Astra den 7.august. Det er min fyrste, så eg vil nok hugse den for alltid! Den har enno ikkje fått namn, eg ventar på at det perfekte skal kome til meg ein dag!



3. Eg leiger leilighet åleine. Eg har faktisk aldri før budd åleine. Enten heime, på TSN x2, på studentheim eller i kollektiv. Eg er vand med å ha folk rundt meg til ei kvar tid, så det er til tider ganske kjedelig. Heldigvis har eg mange folk rundt meg på jobb og på ein del ting eg gjer utanom det! Det går seg vel til har eg (nesten) slått meg til ro med...

Sidan eg alltid har budd møblert, så hadde eg ikkje så mykje å møblere leiligheta med. Eg måtte ut å få tak i litt av kvart. Eg har stor sett fått eller kjøpt brukte ting, og det er fleire grunnar til det. Eg synes det er mykje fint i det gamle, eg synes det er kjekt å pusse opp ting og det er billig! På bilde hjelp pappa og Espen meg med gamle møblar eg fann i huset til ho farmor og han farfar. Bilde under er frå leiligheta mi, der det viser korleis bordet og stolane vart sjåande ut.


Så no har eg ein vaksen kvardag, og eg trivest med det!

5 kommentarer:

Anonym sa...

Trur du må nemne at ej kjørte kommoden din heim også, ette kuppet du gjor på politiauksjonen ;)
GLER MEJ TIL JUL!

Ellisiv sa...

Hehe!:)skal ej nevne at han hestejohn også tibydde sej?;) ej m gleda mej!:)

Silje sa...

Steikje fine gardine!

andreas sa...

Skal seie at det vart fart på blogginga her. Det kan likast!

Ellisiv sa...

Takk takk!! skal fortsette jamt, om ikkje i så fort tempo som ej hadde i helga,...sei d sånn...d vakje så altformykje anna som blei gjort!:)