19 mars 2008

Eg har vunne i lotto!


Eg er av dei som tippar berre for å ikkje la sjansen gå i frå meg. Eg er nemleg utrusta med vinnarflaks. Kvar tiande veke tippar eg Lotto og Vikinglotto for tilsaman 180 kroner. Det er 18 kroner i veka, noko eg ikkje synast er bortkasta fordi eg stundom vinn mellom 36 og 46 kroner. Ei lita glede i kvardagen!

Sist tippekupong gjekk ut i starten av februar, og eg har ikkje fått tippa på nytt før no på laurdag. Eg kryssa ut tala og fekk opp summen eg skulle betale. Der stod 180 kroner nederst på skjermen og 6810 kroner lengre oppe. Eg skjønte fint lite i starten, men med hjelp av kassadama så forsto eg at eg faktisk hadde vunne! Konge! Og dette var ikkje berre ei lita glede i kvardagen.
Ho var stor og det var laurdag!:)

3 kommentarer:

andreas sa...

grattis! Det er nok meir enn eg har vunne i heile mi lottokariere til saman. Og den er faktisk ganske lang...

Anonym sa...

wow!
siden jeg er en kommisjonær selv(av og til)vil jeg gratulere deg masse!dette skjer ikke med hvem som helst;)

og jeg kan også si at jeg liker å lese på bloggen din,følge litt med på hva som skjer med deg.
Og tusen takk for postkortet<3

Anonym sa...

Vokt dem for hunden og spelegalskap, frk Gryt Grimstad. Og god påske! Dura gjennom bygda di i stad, men hoi, desse ferjene. Stoppar ein annan gong.