...og det ser ut som om det er det fortsatt, men ikkje la deg lure av bilde! Eg skulle finne noko i eit kott, og der fann eg barbieutstyret mitt! Alle som nokon gong har eigd ei Barbie skjønar at eg då berre måtte prøve å kle på og av dei eit par tre-fire-fem gongar.
Eg var veldig heldig å ha eit par tanter som skjønte at Barbie var tingen og som sydde klede til desse dukkene mine. Dette var kleda som Barbie kunne bruke til kvardags...
...og til fest så kom kjøpekjolane til sin rett!
Silje syskenbarn og eg leika veldig mykje Barbie ilag. Vi var kreative på mange felt i Barbieverda. Omlag alt vi fann kunne brukast til eit eller anna. Som du ser på bilde under så brukte vi teiknestiftar til øyredobbar og klipte håret til dei kulaste sveisane. Den beste var Silje som klipte Tomboy-Torhild-sveis på si dukke. Kortklipt og fletta rottehale!
Eg fekk aldri Ken, men det stoppa ikkje familielivet til Barbie! Ho fekk ungar i fleng! No i ettertid stussar eg på om ho var av den trufaste typen, for eg synest ikkje det ser ut som om ungane har same far. Men som eg skreiv, så kan nesten alt(og alle) brukast!
Det er mykje rart ein leikar som barn. Eg var veldig glad i desse små babydukkene på bildet. Problemet mitt var berre at dei ikkje passa heilt inn i Barbieverda. Dei var for store til å vere baby, og samstundes såg dei for baby ut til å vere eldre sysken. Løysinga mi då var at dei fekk vere systra eller broren med Downs syndrom. Enkelt og greit.

4 kommentarer:
Ha ha ha. Ej likte beste han zombie-sumo-broren lengst til høgre. Kan Barbie vere utsatt for ein byting.
I Barbieverda er alle vekomen som dei er!:)
Herlighet also, du e mej ei fine ei du!! Og me nye sveis kan ho mor berette?
Haha, kjempemorsomt!
Jeg fikk heller aldri Ken, men ble ganske god på å skamklippe Barbie.
Håper du har gode vårdager.
Karen
Legg inn en kommentar