02 mai 2008

Om å krype til korset


Tord har vore i Egypt og kjøpt arabardrakt til seg sjølv og Gard

For ca 10 år gjorde Gard noko som eg har håna han for heilt til den 29. april i år. Han hadde ansvaret for å vaske opp hos mormor ein dag, og fann ut at han i staden for å vaske opp for hand like gjerne kunne bere all oppvasken bort til tante og onkel(30 meter unna) som hadde oppvaskmaskin. På grunna av dette har han fått kommentarar som: Åååh! Gape! Sjukt! og oppgitt risting på haudet kvar gong dette har komt opp i løpet av desse 10 åra som har gått.

No er det min tur å ikkje ha oppvaskmaskin. Det fungerar for det meste, men utfordringa mi kjem når eg ikkje rekk/orkar å ta oppvasken etterkvart og det hopar seg opp i oppvaskkummen. All kred til Tupperware, men når ein ikkje har oppvaskmaskin så er ikkje veien frå plastikkhimmelen til plastikkhelvete lang! No dei siste fjorten dagane av april har det vore ei slik opphopingsperiode. Grunnen denne gongen er at vi har hatt så fint ver, og då har eg faktisk samvit til å la husarbeidet ligge!

Problemet mitt kjem når eg då må starte på dette fjellet av glass, bestikk, skåler, fat, plastikk osv. Eg vert rett og slett utsleten av å tenke på det. Avsky er vel det ordet som skildrar mine følelsar for det best. Så tilbake til denne merkedagen 29.april. Gard er heime en tur, så eg inviterte han og pappa på middag. Og då vi var ferdige med å ete klarte eg ikkje å dy meg frå å spørre om dei orka å ta med seg oppvasken min heim til Geilane for å vaske han i oppvaskmaskina. Eg kraup til korset og eg er glad for det!

Det høyre og med til historia at då Gard kom bort til tante og onkel for å putte oppvasken i maskina, så var den i ustand. Og så stolt som Gard er så skulle ikkje dette oppdagast, så difor blei han ståande der borte å vaske opp for HAND!:)

5 kommentarer:

Anonym sa...

Det e berre GOLLJ!
Ingen andre enn GGG kunne gjort nåke sann. Cred til dej! =)

Skjoldmøy sa...

Ja cred te na Gard! Og i og med at han enda opp me å vakse for hand, mens du 26 år gamal, sende oppvasken me faren din heimatte so synst ej han Gard og alle andre he lov å håne dej for all framtid.

Ellisiv sa...

Takk for den...opplyste na pappa om at d kanskje ikkje va siste gong ej kjem til å gjere d heller... blir det for mykje, og sinnet for tungt, så veit ej at der alltid e en vei ut!;)

andreas sa...

Konge drakt! Kjøp deg maskin!

Ellisiv sa...

EJ skal kjøpe mej maskin viss du kjøpe mej en plass å ha den!;)