11 april 2009

Påskeferie

Vi kjem ikkje frå sameland, slekta vår bor ikkje i sameland, vi er ikkje samar. Vi, mine sysken og eg, har måtte stått imot påstandar om at vi har sameslekt, berre fordi ho mamma snakka nordnorsk. Eg veit det kan vere å kaste bensin på bålet det eg no gjer, men eg gjer det likevel. Då mamma og eg kom til Skjerstad i starten av påska fekk eg sjå noko eg aldri har sett før. På markane der kyrne normalt beitar har reinsdyra teke over. Mengder av reisnsdyr. Sjukt! Ein dag var dei og på vandring på kyrkjegarden. Dei vil nemleg ikkje vere på fjellet for der er fortsatt mykje snø og lite mat.

Som sagt var vi på Skjerstad, og der fekk vi møte nesten alle syskenbarna mine på Gryt-sida. Det har til og med kome to nye Gryt'a til verda, ungar til syskenbarn. Olve og Signe Kristine.

Stort sett gjekk tida med til rolege påskesyslar som å henge med folka, lese bok, strikke, sjå på påskekrim, ete god mat og sove godt. Av aktivitetar var eg med på frisbee golf og gjekk Reinhornrennet med langrennsski og startnummer! Kjekt med ferie!

Så kom vi heim til Hareid skjærtorsdag kveld. På påskeafta tok vi den påskeårlege grillturen i fjæra. Vi var på Alme og det var 18 grader! Mest sol, men vi fekk litt regn også. Uansett: sjukt!

Øyvind, Julianne, Ole, Ole Martin, Gard, Mari, Andreas, Gerhard og eg var der. Så kom mamma og pappa syklande. Eit liggunderlag kan brukast til så mykje. Litt regn, og brått er det blitt til ein paraply! Viktig å verne hjelmen!

Våren har kome til Sunnmøre-det er deilig!

1 kommentar:

Anonym sa...

Ej synst d klinge nåke samisk rondt ditte ordet: Apokooop ;)