20 mai 2009

Speidarlykke

Å leve ute i naturen er heilt fantastisk, spesielt når det er fint ver. Det er mange grunnar til dette, og eg vil i denne posten få fram litt av det som er så fint med speidarlivet.

Speidarlykke er for meg å vakne opp i ein gapahuk som er open i front, og sjå og høyre dette:

Det er heilt stille og rolig, kanskje berre ein leir som er oppe og som så vidt har begynt på høgging og fyre bål i det fjerne. Sola skin mellom trea, det er tørt ver og det einaste eg skal gjere er å stå opp og få fyr på bålet vårt. Morgonane er ubetaleleg på slike turar.

Speidarlykke for meg er bål.

Alt med(kontrollerte, og ikkje alltid fullt så kontrollerte) bål er bra. Å berre brenne bål, å sitte rundt bålet og å lage mat på bål.

Speidarlykke for meg er å fare på leir og bygge det vi treng.

Gapahuk, kjøken, bord, benkar rundt bålet og andre ting som kan vere praktisk.

Speidarlykke for meg er humor.

Ny humor og god gammal speidarhumor. Ein god speidartur/leir innehelde mykje fliring.

Speidarlykke for meg er å vere saman med kjekke folk ute i det fri.

Å berre sitte rundt bålet i time etter time. Ete god mat, god drikke og godt snop. Prate god prat, prate berre tøys og fortelle historier. Alt dette er speidarlykke.

3 kommentarer:

Annika sa...

No fikk ej lyst på speidarleir gitt!

andreas sa...

Eg likte kjøkenet.

Renate sa...

Speiding for dej e å æte biff!