17.mai i år starta med kranspålegging av minnesteinane for dei som har kome bort på havet. Sola skinte slik at eg gjekk i skuggen for å ikkje bli for varm. Det er ikkje vanleg for 17.mai her på desse kantar.
Etter gudstenesta var det barnetog som varte og rakk. Her er vi på veg oppom sjukeheimen for å helse på dei som bur der.
Dette er eit bilete frå 17.mai i fjor i Bergen. Aina og eg slappa av etter eit godt og innhaldsrikt koldtbord. Måtte berre ta det med, for det er ein del av nasjonaldagen dette og. I år fekk eg meg ein power nap før vi for på friluftsmøte på Hadartun.
Etter mat hos Øyehol og folkefesten fekk eg endeleg dagens fyrste og siste is.

1 kommentar:
Woo hoo! Oppdateringar! Litt misunnelig på både speiding og 17.mai på Hareid. Likte spes godt at du stiller i finstasen med hól på tåa!!
Legg inn en kommentar