01 april 2010

Ein månad igjen

I år blei påskeeggmaling bytta ut med husmaling. Prosjektet har begynt å ta form, og eg har sagt opp den leiligheita eg bur i. 1.mai skal leiligheta vere ferdigvaska og nøklane skal leverast. Det er akkurat ein månad til. Det som står att før eg skal flytte inn er maling av ein gang, nokre lister, dører og vinduskarmar. Eit rom skal dekkjast med veggplater og eine stova med takplater. Om det sisnemnte vert ferdig før eg flyttar inn, er usikkert, men mesteparten skal stort sett vere i orden. Også snøen-den skal vere borte! Eg gler meg!

Var innom bruktbutikken på Hareid ein dag, og der fann eg TV-benken som du ser på bilda under. Veldig fornøgd fordi der er rilledører!

1 kommentar:

Husmora sa...

Heisann Ellisiv!!

Kjempefin tv-benk du he fått dej =)
(Vi dele nok samme ånda du og ej. Ej å *Bruktbutikken* e GODE venna:)

Skal bli kjekt å få komme å sjå kor du fæ de i huset ditt:)
(les: regna med du invitera mej på besøk)

Ønske dej ei riktig fin-fin PÅSKE snuppa!!!

Klem klem!