Eg meiner at snøen bør vere borte frå Hareid når det er påske. Slik er det nemlig kvart år, og det har iallefall vore slik sia år 2000. Trudde eg. No har eg leita gjennom bilda mine og funne ut at det ikkje er heilt sant. Her får du eit tilbakeblikk på påskevêrhistoria til Hareid nokre år tilbake.
Påska 2010. Flekksnø og smeltande, men fortsatt mykje, is på vatna. Tørre vegar, snø på markane.
Påska 2009. Grilling på Alme. Berre snø i fjella.
Påska 2008. Snø på markane, tørre vegar. Kakaopause på gangvegen på Hjørungavåg.
Påska 2007. Nektar å tru at dette er på Hareid.

Påska 2006. Snø i ballbingen og snøfritt på Alme.
Tord selde sjela si for 420 kroner.
Påska 2005 fann eg ingen bilde frå, så då seier vi at det ikkje var snø!;)
Påska 2004. Bittelitt snø ved Grimstadselet og snøfritt på Holesanden.
Påska 2003. Snøfritt på Holesanden. Måtte berre ta det med!:)

Altså, det har nok ikkje vore snøfritt kvar påske på 2000-talet. Greit nok. Men det har vore fleire, og vi har hatt mulegheit til å grille-ein kjekk påsketradisjon!:)
3 kommentarer:
Bra tiltak! Bra kavalkade!
Godt at tida gjenge og folk forandra sej ;) Men kunne godt tenke mej fargen frå påska 2008!
Ja va tenkt å kommentere farjen din ej me, men ej let det vere. Velge heller å kommentere at ho Ellisiv henge mykje på Hjørungavåg. I tillegg e ej meget imponert over at du ha so monge bilde frå dei ti siste påskene, men ej sakna informasjon om kati påskene va. Snakka oss tidlig mars eller sein april? Det kan vere avgjerande for snømengda veit du, men kavalkada e inne på topp 3 lista over alle kavalkade ej he sett:)
Legg inn en kommentar