Morgonen den andre dagen sette vi oss på nytt på bussen som då køyrde oss til Fredrikshavn. Der tok vi same båten som vi tok heim til jul eit halvår før. Og vi åt same måltid som vi åt eit halvår før. Lunsjbuffeen på danskebåten er ikkje oppskrytt!
Då vi kom til Rønningen hadde vi ein del å fikse sånn på tampen av året, men i fokus var avslutningane med teama og heile gruppa. Eg tok med teamet mitt i Frognerparken, der vi kosa oss med frukt og frisbee. Vi var hos Joachim og åt reker og på konsert med Skøyen Ten Sing. Vi såg filmen frå Balkan og vi delte ut avskjedsgåver. Ein flott kveld!
Ein del av teamet; PK, Erik, Hanne, Joachim, Siri og eg.
Så var det tid for festkvelden for heile gjengen. Vi hadde gudsteneste, grilling med dessert ute i fineveret og programkveld inne. Under er bilde frå då vi leiarane hadde laga dans til Mika sin Lollipop-song.
Det var ein kveld med mykje godt program. Vi fekk også oppklart karabingåta til ho Mari! Eg gav ho alle karabinane som har vore i omløp sidan i fjor haust, og forklarte stort sett heile hendelsesforløpet! Det har vore ein kjekk og langvarig spøk! Ikkje sant?!?:)
Då vi hadde sendt heim alle deltakarane, tok vi oss ein tur på ein av båtrestaurantane ved Aker brygge og spiste reke! Nydelig ver, god mat og kvitvin! Det var faktisk ein av mine draumar som gjekk i oppfyllelse denne dagen! Eg tenkte lenge at eg ville lære meg å like kvitvin, slik at eg ein gong kunne ete reker og drike kvitvin på ein båtrestaurant. Kvar denne draumen i utgangspunktet oppsto har eg ikkje peiling på, men no kan eg iallefall krysse han ut!:)
TUSEN TAKK FOR EIT FLOTT ÅR!

2 kommentarer:
Gatulerer med nett heime. Eg forventar hyppigare blogging frå no av.
Det skal du få!:)
Legg inn en kommentar