19 februar 2007

Bergen 11.febr.-16.febr. 2007

Etter Florø var det Bergen som sto for tur for Teamelim! Til stor glede for meg! Det var veldig kjekt å få møte kjente folk og vere i ein kjent by, som eg rakk å bli gla i dei åra eg budde der. Vi i teamet var plassert litt rundtomkring, sjølv budde eg hos Tord og nokon andre slektningar. I andre etasje der bur ho Hanna. Ho er også leiar i Bobla TS som vi var på besøk hos ein dag. Då hadde ho baka kake til oss! Elles denne veka var vi rundt omkring på Ten Sing-besøk. Sotra, Os, Bergen TS. Det var ei fin veke!

Florø 5.febr.-11.febr. 2007

Vi fekk vere med på det fyrste Vintertreffet i Florø nokon sinne. Det var kjekt og vellykka! I veka før var Teamelim på team der, og var med på Ten Sing, hadde konfirmantar og barnegospel. Florø er ein fin by! Faktisk mykje finare enn det eg hadde trudd!

Dette VT'et blei nesten eit like mykje familieVT som det som var på Hareid. Julianne er i praksis i Florø, Øyvind og Tord kom frå Bergen og Gard kom frå Hareid. Så no har alle i familia fått sett konserten og helst på gjengen min!:)

























Konserten sett bakfrå!;) Joachim observerar Pelle som kallar på ein av superheltane sine.
"Helicopter" på KveldsRollz.

Hareid 29.jan.-5.febr. 2007

I veka før VT, så var Teamelim på team på Hareid. Vi hadde, i tillegg til Ten Sing, i oppgåve å presentere livet til læresveinen Peter gjennom fem videosnuttar. Teamet er kreativt og ulike metodar blei brukt. Bilda her er frå då playmo-Peter gjekk på vatnet.





















So var det tid for VT 2007 på Hareid. Temaet i år var "Go(o)d Enough". At Hareidspatriotismen ikkje er utdøyande var veldig synleg denne helga. Her er Anna og Kristin med heimelaga t-skjorter og Ten Sing med Hareiddansen. Det er den dansen som nokon hugsar som dei tre pilene, der den eine dirra, og som no er ein "dansande" H -som ein kan sjå på bilda under.
















Ein viktig ingrediens dinne helga var Pip Wilson. Saman med Torgrim(mitt syskebarn) og Øyvin Sønnesyn, gjorde dei ein god jobb i totalforkynninga som var denne helga. Eit vellykka Rolling Magazine og ei god gudstjeneste stod dei i bresjen for.













Nye Hareid Ten Singarar ein dag, og tidlegare Hareid Ten Singarar den andre dagen. Det var kjekt!:)

13 februar 2007

Hamarøy 25.jan.-28.jan. 2007

Stine 20 år!!
Dagen starta med buss frå Bodø til Hamarøy. Stine er den einaste på teamet som er aktiv kaffidrikkar i tillegg til meg. Det er kjekt å vere saman om ting! Eg har, som ein fjerdedel av TSN, gått til innkjøp av Statoil sin gratis-påfyll-termos. Denne morgonen fekk eg fylt den opp, og serverte bursdagskaffi på bussen.












Teamelim var dei fyrste som ankom Hamarøy, og vi feira ho Stine med iskake, brus og Pitbull-Terje på DVD!:)








På Hamarøynatta, som er konfirmantnatt med turneringar og show, så var Lasse Gustafsson der. Han snakka om å gjere det ein har lyst å gjere! Om å ha tru på at ei er god nok! Eit tema vi formidlar gjennom konserten vår, og som vi seinare på turneen også får møte på Vintertreff.







Så fekk vi oss endeleg nokon avslappande daga til å gjere nettopp det kvar og ein av oss hadde lyst til! Mykje av tida gjekk til å sjå filma. TSN 00/01-videoen på fire tima blei vist for interesserte(no i etterkant vert den faktisk berra kalla 0001-videoen..den e berykta..hehe), og så må eg vel seie at High School Musical også er ein slager på TSN i år! Iallefall for nåken...for min eigen del, så er det den første filmen eg nokon gong har slakta..beklager Hanne, Joachim, Maria og alle dokke andre på TSN som føle dokke trufne av dei harde orda.. Opphaldet på Hamarøy endte med at bussen vår køyrde seg fast 70 meter i frå kyrkja der vi budde. Heldigvis var ikkje tida altfor knapp dinne kvelden. Vi blei henta av ein ny buss, og så kom vi oss på toget til Trondheim. Turnéen kan altså fortsette!

04 februar 2007

Bodø 21.jan.-25.jan.2007

Her står vi å ventar på bussen ein morgon på Grønnåsen i Bodø

Før jul var vi stasjonert på en dansk folkehøgskule. Vi var stort sett i ro, med unntak av teamperioda, der eg var på Balkan og litt rundt i Danmark. No etter jul er det reising som står på planen. Foreløpig har turen vore: Hareid-Tromsø-Finnsnes-Bodø. Så er det opp igjen til Hamarøy, sør igjen til Fauske, tog derifrå til Trondheim og so skal vi ta buss til Hareid. Turen endar ikkje der, men det får eg ta igjen når vi er komne dit. Det er nok nokon bloggar som skal skrivast før den tid!;)

I Bodø har vi vore med på Ten Sing-øving og lært ein sang av Seigmenn som heiter Döderlein-eit klart eksempel på dette med at vi skal møte ungdomane der dei er!:) Vi har også hatt fire konfirmantgrupper i Bodin Kirke. Ein dag fann eg ein gutekonfirmant som likte Bobbysocks! Sjansen for det?!?KONGE! Det varma eit 80-tallshjerte(som teamdeltakarane mine meina at eg har). Dei kallar meg for 80-ungdom, trass i at eg var berre 8 år når puddelrocktiåret forlot oss. Men jada, eg kan godt innrømme at eg overhode ikkje har noko imot å bli bedt på 80-talsparty!:)

03 februar 2007

Finnsnes 17.jan.-21.jan.

Hedda på Finnsnes

Eg tenkte eg skulle klare å få ein liten rapport frå dei ulike stadane vi besøker på denne Norgesturnèen vår. Første stopp va altså Finnsnes. Her studerte deltakarane, og so avslutta vi(iallefall teamet mitt) opphaldet med ei konfirmantnatt. Ei natta med fleire hundre konfirmantar, mykje liv og show og oppgåver for TSN.

Ja, ei heil natt er vi oppe. Ei heil natt når vi allerhelst skulle ha sove. Då vi va fjorten år og var på Ten Sing-tur, ja, då va vi oppe heile natta. Då var det kult, og ikkje slitsomt i det heile! No skal vi på nytt vere oppe heile netter, vi skal vi vere på jobb og lage liv. Heldigvis er årets deltakarar gode i sin jobb, slik at vi leiarane kan med god samvittigheit sette oss ned med spøtet og vere gamle og ukule. Vi he hatt vår tid som deltakarar på TSN, no er det nokon andre som er ansvarleg for å skape stemning!

25 januar 2007

Turnèen har starta

Eg kom litt seinare i gang etter jul enn resten av Ten Sing Norway-gjengen. Den 17.januar sette eg meg på flyet til Tromsø. Eg fekk nokon timar mellom flyet landa og båten til Finnsnes skulle gå, so då fekk eg besøke (Gryt-syskenbarn)Magnus, Johanne og Eline. Kjekt!

Farmor

Farmor og eg for ca 24 år sidan

Farmor og eg i jula i 2005

Sjølv om vi starta det nye året med eit bad i havet, så blei ikkje byrjinga av 2007 slik vi hadde ønska. Rett før jul blei ho farmor sjuk, og den 9.januar døde ho 90 år gamal. Det er livet, men det er ein trist del av det. Her sitte han Øyvind saman med ho ein av dei siste dagane.

Det var ei veldig flott gravferd. Akkurat slik ho farmor fortente!
Her er farfar og Silje på minnesamveret etter gravferda.

01 januar 2007

Eit godt nytt år!

Då er det nye året i gong! Både nyttårssigaren og nyttårsbadet er vel overstått!

Gratulerer med dagen Julianne svigerinne!(med cigarillo på lån)

Eg og Øyvind med nyttårstobakken

Tord og pappa ved kaia i Brandal

31 desember 2006

Årskavalkade 2006

Her kjem nokon bilder frå noko av det eg har vore med på i året som har gått. Takk til familie, vener og andre kjente! Det har vore eit flott år!

JANUAR 80'talsparty i Bø
FEBRUAR tur til Tanzania MARS påsketur til Alme
APRIL oppgåveskriving
MAI 17. mai-feiring i Smauet
JUNI sambuarane på tur til Gamle Bergen
JULI Linn-Marie+Sigmund 22. juli
Julianne+Øyvind 29. juli
AUGUST farmor fylte 90 år

SEPTEMBER Ten Sing Norway-konserten vert laga OKTOBER Teamelim på Balkan
NOVEMBER julemarknad i Danmark
DESEMBER Tivoli i København

Dette var ein liten smakebit av året som snart er historie. Eg har ikkje fått med alle folka og alle bilda eg vil vise fram, så det vil snart kome endå fleire bilder frå 2006. Fylg med!:)

Nyheit 30.desember

Kva tyder Hurra i Irak?

30 desember 2006

Jula 2006

Vidar og Kristine og pepparkakehuset anno 2006

Romjula nærmar seg slutten, og i år som alle år før har den vore full av mat og selskap i ulike former. Julafta var vi heime og åt middag, og på Grimberg(tanteonkelsyskenbarn 1 minutt ned i feltet) og opna pakkar. Eg har vore på 3.dagsfest med K/M, 10års konfirmantreff, familieselskap på farsida, pepparkakehusfest heime og familiebesøk til Øyvind sine svigers. Eg har fått møte mange av mine vennar og andre kjekke kjente!

Arja Aase er Andreas og Cecilie si jente. Andreas er den einaste som har vore på alle dei 21 pepparkakehusfestane vi har hatt. No er ho Arja inne i tradisjonen ho også! Her med sitt fyrste pepparkakehjerte!

I morga er det nyttårsafta! Eit nytt år med nye utfordringar kjem! Fyrst og fremst skal eg fortsette med Ten Sing Norway til 10.juni! Det gledar eg meg til!! Elles skal eg vel søke lærarjobbar rundtomkring! Det gledar eg meg ikkje så mykje til! Eg er ikkje så glad i å bestemme meg, og iallefall ikkje når det inneber eit flyttelass! Men: den tid, den sorg/glede! Eg trur nyttårsfortsette mitt i år skal vere å ikkje ta sorgene/bekymringane på forskot! I fjor hadde eg å ta imot utfordringar. Den fyrste eg fekk var å ta nyttårsbad i ishavsbygda Brandal(ein del av Hareid) og den tok eg og Tord! Eg skal gjere det i år, eller neste år som det blir, også! Faktisk så bada eg i havet på juleafta også!!

Eg håper eg ein gong får bli heilårsbadar i Brandal!

Godt nyttår!!

29 desember 2006

Ei overraskande julegåve

JESS!! Då he ej også fått mej skaut til bunaden min!!D va ei overraskande og kjekk julegåve! Takk til mine foreldre,og spesielt t na pappa som he brodert! Han e flink til det der!

16 november 2006

En søndag etter min smak



Søndag 12.november var slik som fleire søndaga bør vere! Avslappande,
og tid til å gjere nettopp det du vil der og då!

Anders, ein elev ved skulen her, har ein Nimbus(motorsykkel) frå 1937.
Sidan det snart blir vinter her i Danmark, så skal han køyre den heim neste helg og i den forbindelse ga han oss tilbud om å få køyre en tur! Kjekt gjort! Ej takka ikkje nei til det tilbudet, og ej angra heller ikkje! D va veldig kjekt!:)
Ej kan like motorsykkla med sidevogn...det virka litt sikrare enn sånn "skrape-kneet-fordi-en-ligge-så-langt-over-på-den-eine-sida"-køyring. Men ka veit vel ej! Kanskje muligheten for å prøve en slik tur byr sej en anna gong!:)

                                                

Etter frokost var det tid for litt diabolotrening i gymsalen. To deltakara og ej øvde kvar for oss. Det e greit å ha nåken som he komt lengre enn sej sjøl når en trena m diabolo. Då kan dei berre fortelle mej ka ej skal øve (lenge) på! Det e nemlig en slik ting som virkelig må øvast på, for at en skal bli god! 
Eller "bedre enn ej va når ej starta", som e målet mitt! For kjenne ej mej sjøl rett, så vil ej nok komme til å gi mej lenge før ej får delta i nåke mesterskap! Men ka betyr vel d?!? Så lenge det e kjekt, så e det kjekt!!:)

           

Den siste kjekke aktiviteten ej tok for mej dinne dagen(med unntak av Ludus, som var seinare på kvelden...) var gitarspeling! Då ettermiddagskaffien va ferdig, satt ej mej på musikkrommet med gitaren på fanget, bøkene framfor mej og "grepskartet" på veggen! Ej bladde, spelde og song omkvarandre...og avogtil va ej bortpå pianoet for å sjekke melodien på nokre songa. Det va kjekt det! 
Ej må øve, fordi ej skal ha en julekonsert når ej kjem heim i desember. 
Ei venninne av ho mamma he lært mej ett og anna om gitarspeling, og derfor e ho invitert på en intimkonsert kun for ho. Og det e andre året vi skal ha den. 
Mamma og pappa e også aktøra!:) På grunn av at konserten bør vere bedre i år enn i fjor, så må ej øve! Ej kjem nok med bilde frå i slutten av desember!:)