01 juni 2007

Alle desse dagane, kva har eg gjort?

Eg lurer faktisk på om dette blir min fyrste blogpost uten bilete. Ein gong måtte det og kome. No skriv vi 1.juni og det er tre dagar til vi reiser frå Litomysl. Trass i stabilt internett den siste tida, har eg ikkje hatt tid til å skrive her. Det er lygn, men er har iallefall ikkje hatt tiltakslyst. Derimot er det mykje anna eg har gjort. Eg har til dømes sola meg ein god del. Eg likar sola i Tsjekkia! Eg har hatt mitt fyrste lærarjobbintervju -uten å få jobben. Det er ikkje trist altså. Planen min for hausten er å flytte til Hareid, bu i heimen vår fram til eg tenar nok pengar til å bu åleine. Eg satsar på at det ikkje tar for mange månadar! Eg har og lyst å kjøpe meg ein bil, slik at eg kan vere raskt på staden dersom ein rektor ringer meg. Muleg det blir nokon timar i pleie-og omsorgetaten også. Vi får sjå. Dei vaksne, som har peiling på dette med lærarjobbar og vikariat, rådar meg til å ha is i magen i haust. Ok!

Det har og blitt ein del tid til å spele frisbee og volleyball. Det har vore kjekt. Ja, og apropo frisbee(eller skjeneplate som det heiter på norsk) så har eg fylt 26år sidan sist eg skreiv her. Litt skeptisk til at eg har bikka 25, men det er fint lite å gjere med det. Eg tar det med eit smil og leikar meg med skjeneplatene! Det er ingen som vert yngra med åra uansett!

Litt handling har vi og hatt tid til i Litomysl. Ein typisk butikk her er at eg kjem inn, helsar på den i den asiatiske familia som er ledig til å hjelpe meg, eller som berre fylgjer med på kvar eg går og kva eg ser på. Til høgre er kassa som er overfylt av øyredobbar til seks norske kroner, diadem med dødningsskallar, mobiltelefonetui, tynnesokkar, neglelakk osb. Til venstre heng øyredobbar i "gull" og plastikk og capsar og huer til born. Vel du å gå til høgre kjem du til barneavdelinga, rett fram er prøveromet og rett frem og til høgre er dameavdelinga. Der er det toppar som når meg til mellomgolvet og som strammar over brysta, trass i at størrelsen er XL/XXL. Neida, det er ikkje fullt så gale, men heller ikkje langt unna. Ei dame stoppa meg i å prøve ein topp i denne størrelsen ein dag. Ho meinte nok at den kom til å bli ødelagt. Takk for den tenkte eg, og gjekk derifrå. Det er ikkje mykje som er dyrt i dette landet, iallefall ikkje i slike familiedrivne butikkar. Kjolar med prikkar og shortsar med ruter er blitt dei nye Ten Sing Norway-klena. Faktisk så har eg ikkje kjøpt nokon av dei, men ein del anna. Er ikkje det nett slik at det som er billig er bra? Vi får vel sjå kor lenge klena held saman i saumane og øyredobbane let vere å bli grøne. Så lenge er vi iallefall førnøgde!

Før jul var eg ei natt borte frå deltakarane. Då var eg i København med Silje. Denne våren har eg og vore borte ei natt frå deltakarane. Andreas og eg var i Praha. Når vi er fire leiarar på eit slikt prosjekt, og to av dei er gift, så blir det avogtil slik at ikkje alt er like logisk. Det var fleire som stussa på at det var vi to som skulle reise, men vi hadde ein fin tur vi! I Praha har dei litt større utvalg av butikkar enn i Litomysl. Vi var innom ganske mange av dei meir kommersielle butikkane og ein god del sports- og friluftsbutikkar. Vi var godt fornøgd begge to. Vi fekk og brukt litt tid på ymse cafèar og ein god biff på restaurant. Denne biffen var ekstra god, men det å gå på restaurant er ikkje luksus for oss lengre. Det er fordi vi er ute å et middag kvar dag her nede. Heldigvis er her litt å velge i mellom. Mexicansk, pizza, vanlig restaurantmat, kinesisk og tsjekkisk om ein vil. Det er blitt ein vane, så eg lurer på korleis det skal gå når vi kjem til Noreg igjen. Der vil summen på det same måltidet bli meir i norske kroner enn det vi betalar i tsjekkiske korun. Trass i at vi deler summen her på ca 3,4 for å finne norsk pris.

Vi har og feira 17. mai med tre gongar tre HURRA. Dersom du vil lese om det og sjå bilete frå dagen, så kan du gå inn på Hedda sin blogg. Linken er til høgre.

På veg heim til Noreg skal vi stoppe to netter og ein dag på Silkeborg Højskole. Gleda var stor då vi oppdaga at vi kunne gjere det, og den var ikkje mindre då vi sa det til deltakarane. Det vert nokon fine dagar i avslutningsveka. Ei veke som kjem til å bli trist og fin. "Jeg både gruer meg og gleder meg", som Klovner i Kamp syng. Neste post skal kome med bilder frå denne veka!
Takk og godnatt frå Litomysl.

13 mai 2007

Grand Prix 2007


12.mai var det tid for den årlege Grand Prix-finala -også i Tsjekkia, sjølv om dei på lik linje med Norge ikkje fekk vere med og synge. Nokon av deltakarane laga til GP-fest, og for fyrste gong på mange år synest eg det var kjekt å sjå på GP-finala! Resten av oss fekk i oppdrag å stæsje oss opp. Dei som kjenner meg godt veit at ynglingssongen min er vinnarlåta frå 1985; La det Swinge med Bobbysocks. Dessverre for meg så ligg alle Bobbysock-look-a-like-klena mine heime, så då måtte eg finne eit alternativ. Eg leita litt på nettet og las meg til at bobbysocks er det engelske namnet for ankelsokkar, så kva blei då meir naturleg enn å finne fram dei sokkane som likna mest muleg på "ordentlege" bobbysocks!










Vi fekk låne eit rom på slottet og vist programmet på storskjerm. Vi blei inndelt i land, og vi fekk utdelt poengark der vi fylte ut show, vokalprestasjon, songen, kle/klesskift, modulasjon. Alt vi treng for å kåre ein vinnar. Mitt land var Tyrkia og vi stemte Sverige på fyrsteplass. Det viste seg å vere totalbom. Derimot hadde vi Serbia på tredjeplass, og dei gjekk heilt til topps! Ikkje ein direkte GP-låt, men ein god prestasjon!:)

Berre på Ten Sing Norway!


To gongar i mitt liv har eg hatt andlete fullt av krem medan eg har vore på restaurant. Begge gongane har vore på Ten Sing Norway. Ein gong i Slovakia for seks år sidan og ein gong no i Tsjekkia. Den fyrste gongen var nok, om ikkje med viten, så med vilje. Denne gongen var det ein av deltakarane som så fint plasserte handa si på bakhaudet mitt og pressa det ned i desserten! Jada! Det er humor, og det blir kjekke bilete av det!

28 april 2007

Prinsessar i eige slott

No er vi komne til Litomysl i Tsjekkia og vi bur på eit slott! Her blir vi til 6. juni, så det kjem nok nokon postar til før vi reiser her i frå. Byen er kjempefin og det same er veret. Held det seg slik blir det nok mykje utetid på oss her nede! Elles skal deltakarane skrive oppgåve og lese til og ha eksamen, og vi leiarane skal jobbe ein del og elles slappe av og nyte våren. Eg skal ha min fyrste vår på 11 år utan ein einaste eksamen. Det skal eg nyte!:)

Togturar

Sorry, but do you have this seat? I think I've got number 21 to 28. You can see the reservation here on the door. Are you sure you've got it? Slik har mange samtalar på toget her nede starta. Det er ikkje alltid like kult å måtte be folk om å flytte seg fordi dei sit på plassane ein har kjøpt. Men det er kvar sin gong, og takk og lov for at det finnes ei slik løysing! På eit vel overfylt tog er det veldig deilig å kunne vite at vi har ein heil kupè kun til teamet og all bagasje og alt fellesutstyr. Det blir fullt, men det er ganske så mykje bedre enn å sitte litt her og litt der. Spesielt når ein så skal av toget igjen!:)

BRATISLAVA

Eg merkar at eg har byrja å skrive overskriftene med store bokstavar. Det er ein enkel grunn; nostalgi! Eg er tilbake i det andre landet eg har budd lengre enn ein månad i. Slovakia. Denne posten er frå Bratislava. Byen vi i 2000/2001 reiste til for å handle og henge. Eg har hatt lyst tilbake heilt sida den dagen vi reiste der i frå i juni 2001. Og no er eg her igjen.

Vi fekk nyte dagane i byen med strålande ver. Vi hadde utekonsertar der Ten Sing frå Banska Bystrica varma opp for oss. Det er ikkje kvar dag at ein får eit oppvarmingstensingkor altså!:)

Alt i alt hadde vi fri to heile dagar i Bratislava. Det var veldig deilig og lite lønsamt. Vi gjekk i hanlegata, på TESCO, i gamlebyen og litt andre plassar. Vi var sjølvsagt innom Etno Sumba, som var ein av ynglingsbutikkane vår då vi var på TSN. Sei det slik; i bagasja mi no har eg noko eg kjøpte der for seks år sidan og noko eg kjøpte nettopp.


Å vere på TSN vil til tider sie å vere lik andre. Vi går innom dei same butikkane og fell ofte for det same, iallefall når ein ser kor fint det er når den andre har det på seg. Sånn som foreksempel desse Converse-skona. Maria var fyrst ute, og Mari og eg fylgte etter. Alle like stolt og glad!
I Bratislava hadde Linn, Hanne og eg sesongslutt på Prison Break. Vi ventar i spenning på sesong 3!

15 april 2007

SLOVAKIA

Slik at du er forebudd, so blir dette ein post uten dei tre siste bokstavane. Vi er no i Slovakia og nyt livet. Det blir forresten ein post uten visse tegn ogaa, fordi tastaturet er ikkje som vanleg, og eg orkar ikkje spor internettvakta kvar gong eg treng noko...

Aa kome tilbake til Slovakia er vekkjer minner hos Hedda og meg. Vi var her for seks aar sidan og mykje er det same. Her er to eksempel, eit ok minus over og eit ok pluss under. Det skal seiast at den suppa du ser paa bilde er faktisk av dei bedre, men det overgaar ikkje Slovakia-chips og Lentilky i kombinasjon.

Vi har vore i Banska Bystrica og er no i Nitra. Vi har omlag 25 grader og straalande sol. Dagane gaar med til ein del konsertar og resten av tida nyt vi ute. Vi et mykje is. Dette var det eg rakk fraa internettcafeen i denne omgang. Meir kjem seinare.


Andreas, Hedda og Ragnhild med nypressa smoothie

07 april 2007

Haugaland 26.mars-30.mars 2007

Mandags morgen klokka 07.48 gjekk toget frå Drammen. Strålande sol og vårvèr heile turen. Vi var framme i Koparvik om kvelden. Der fekk vi bu på eit ungdoms- og eldresenter. Kjekt for oss! Der var både trådlaust internett og frisørsalong, og vi fekk bruke begge deler!

Hanne som frisør og Stine som kunde. Eg trur nesten heile teamet fekk vaska hår i "ekte" frisørvask desse dagane!












I Koparvik fann vi ei butikk som selde juicen vår. Den same som eg har reklamert for i ein tidlegare post. Eg smakte han fyrste gongen helga før vi reiste på denne teamperioda, og falt pladask! Så då blei det til at eg introduserte den til teamet mitt. Ein kan vel seie at nokon blei litt meir glad i den enn andre. Joachim og eg er vel dei som er aller ivrigast, så når vi fann han i butikken ved sidan av der vi budde, så kjøpte vi like godt litt fleire, slik at vi hadde ei stund!


Ein kveld laga vi til teamkveld der vi skulle opptre for kvarandre, berre vi åtte i teamet. Målet var at det skulle vere lavterskel, og at ein skulle få gjere nøyaktig det ein hadde lyst til. Seiøst eller useriøst. Det blei leikar, konkurranser, bildekavalkade, song og mykje anna.

Etter vi hadde vore på Karmøy nokon dagar, for vi inn til Haugesund. Der var vi med på Elvis og Ten Sing. Det var nokon fine dagar før vi tok påskeferie!

Buskerud 18.mars-26.mars 2007

Eg kallar denne posten Buskerud, men sanninga er at vi var litt rundtomkring. Mandag i Hønefoss, tysdag i Høvik, onsdag på Ås, torsdag i Østenstad, fredag reiste vi til Drammen, laurdag var vi i Mjøndalen, søndag var vi i Tangen og mandag reiste vi vidare til Haugaland.









Noko av det eg synes har vore kjekkast med norgesperioda, er at eg har fått møte så mange kjente. Tilfeldig eller forventa er like kjekt begge deler! Folk eg har studert med, vore leiar for, jobba saman med på arrangement, berre kjenner. Der har iallefall vore mange, og her er tre av dei. På togstasjonen i Drammen møtte eg Terese som eg har studert lærar saman med. I Høvik var Erik som eg har vore på TSN med og Mari som eg kjenner gjennom litt av kvart.

Denne veka var teamet delt i to i nokre dagar. Vi tre på bilete budde hos Kristine i Bærum, medan resten av teamet budde hos Siri i Asker. Det var berre program om kveldane, så på dagtid var det rein avslapping. Dette bilete er frå den formiddagen vi såg begge Bridget Jones-filmane. Film og strikking på ein elles vanleg kvardag er ikkje å forakte!

Flekkefjord 15.mars-18.mars 2007

Å reise med Ten Sing Norway er ikkje ein dans på roser. Alt du eig(altså har med deg på TSN) har du med deg overalt. Det dyret som kanskje er likast ein TSN-deltakar(eller ein leiar for den del) er nok eit pakkesel. I tillegg til eiga bagasje, så må noko fellesutstyr også bli med oss rundtomkring. Marerittet mitt denne dagen vi reiste frå Rønningen var "korleis skal vi få alt inn og ut av t-banevogna i tide". Eg grunda lenge, og klekka ut ein plan som viste seg å fungere i praksis! Takk og lov!

Vi kom oss til Flekkefjord, og vi følte oss som popstjerner der vi vandra i gatene og såg plakata av oss overalt!

Ei gledeleg overrasking! Då vi gjekk ut på scena i Flekkefjord satt denne gjengen på fyrste rad! Kor søtt er ikkje det?!

Rønningen Folkehøgskole 25.febr.-15.mars 2007

Desse tre vekene var dette busstoppet vi gjekk av på. Bana til Storo og Buss 56 til Rønningen. Skulen ligg i Oslo, berre litt i utkanten kan ein vel seie. Det var studietid for deltakarane og møte/internett for oss leiarane. Det blei likevel ein del program innimellom. LØFT-seminar i Skøyen kirke der vi leiarane og solettane brukte heile dagen på å lage koldtbord-ei ny utfordring! Gard(og Tord) hadde også bursdag under seminaret, så eg fekk vekke han med kake og bursdagslys. Kvinnedagen den 8.mars blei feira på BOLK C. Gutane hadde laga cafèen La Mia Moradi med ismeny og levande musikk kun til oss kvinnene! Så blei Jonas, sønnen til mitt syskenbarn Espen og Sara født, så eg fekk besøke dei. Tre kjekke veke der Oslo ikkje akkurat viste seg frå si beste vèrside!

















Erik og Joachim spelte og song!






















Espen, Sara og Jonas

Frå Toffy til Toffyfee

I vinterferien brukte eg nokon timar til overføre ein del filer frå min gamle til min nye laptop. Eg kjøpte meg nemleg ny i juleferien, og den er eg veldig fornøgd med! Den gamle heiter(ja, faktisk så heiter den fortsatt) Toffy. Grunnen til det er at den gongen for fire år sidan då eg fann ut at eg ønskte meg ein pc, så høyrde eg pappa snakke om ein laptof(neida, det heiter ikkje det, men det var det eg høyrde). Dette sa eg glad og fornøgd til to kompisar eg budde med, og dei starta å flire-høgt og lenge! Laptof liksom! Eg blei smerteleg klar over kva det heitte. Ein av desse to kompisane mine hadde ein laptop som heite Lappy, så då blei det naturleg å kalle min for Toffy. Derfor heiter den det. Så sa eg at dersom eg nokon gong skulle få meg ein ny, så skulle den heite Toffyfee. No er Toffyfee "født" og Toffy reist på ferie til na Tord!

Vinterferie 17.febr.-25.febr. 2007

Det blei ein maraton inn mot vinterferien. Frå fredag morgen til søndags kveld gjor eg dette:
Køyrde frå Bergen til Flesland. Fly til Trondheim. Tog til Åsen. Buss til leirstaden der vi fekk sove og ete litt. Buss til hallen der vi skulle vere heile natta. Buss til Levanger stasjon. Skulle ta buss til Trondheim, men den gjekk ikkje, så difor heiv vi oss på toget. Buss til Oslo, der Hedda kjøpte billettar for vi kom inn med toget etter at bussen skulle ha gått(det var eg og ni deltakarar som skulle ta denne bussen). Kom til Oslo i 18-tida. Buss til Linn-Marie og Sigmund. Hygga meg der. Sov. Stod opp. Sprang til bussen for å kome på gudsteneste med Kristian Knapstad. Rakk ikkje bussen, så vi gjekk i staden for. Rakk gudstenesta. Kyrkjekaffi med fastelavensbollar. Tok bussen til eit marked. Handla ein kopp og ein film. Gjekk heim. Åt middag. Tok bussen til Oslo S. Tok flytoget til Gardermoen. Måtte vente på flyet. Fekk gå om bord etter ein og ein halv time. Måtte bytte fly. Det nye flyet letta tre tima etter at det fyrste flyet skulle ha letta. Eg blei for sein til den siste hurtigbåten. Fekk heldigvis sitte på med ein slektning. Heime på Hareid og klar til ferie klokka 01.30. Glad, fornøgd og utslitt.











Det var berre pappa og eg som var heime hos oss i ferien. Silje var også ein del heime åleine, så difor blei det oss tre som gjorde ein del ilag! Kjekt det! I tillegg fekk eg mulegheit til å møte ei god venninne, Ingvill, som eg budde saman med i Bø då vi studerte idrett. Ho har medisinpraksis på Åse, så då for eg dit ein tur.










Levanger 16.febr.-17.febr. 2007

Trass i eit par postar innimellom, so skal eg gjere ferdig Norgesperioda her på bloggen no i påska. Bedre seint enn...

Frå Bergen til Trondheim med fly! Den einaste flyturen teamet mitt hadde i Norgesperioda. Ei einaste natt var vi i Levanger. Det skulle vere ei jobbenatt, men heldigvis blei det muleg å få sove litt. Ein merka det godt på heile gjengen, inkluder meg sjølv, at det snart var ferie. Morten fekk seg ein blund mellom alle sekkane i dusjen!

Sola skinte og jeg var så glad!

Det er vitterleg ikkje alt eg klarer å forstå. Sist veke la eg inn ein post her om at det var så deilig med sol og varme. Og det held eg fast på! Det er heller ikkje slik at eg ikkje likar snø, men eg skulle ønske han kom til "rett tid". Korleis skal eg klare å skilje mellom feriane når det e bart på bakken i jula, men det snøvar i påska. Dette likar eg rengt som dei sei her på Hareid. Snart reiser eg her i frå til fordel for Tsjekkia. Der skal det bli sol og varme, så kan snøven berre vere snøv her heime.

28 mars 2007

Sola skinner og jeg er så glad!

På ein skala frå ein til ti, kor digg er det ikkje med dei fyrste soldagane om våren? Eg veit iallefall at eg elskar dei! Denne våren sine fyrste dagar nyt eg i Haugesundområdet. Når ein i tillegg har Tine sin Appelsinjuice med 35% bringebær frå Vik i Sogn å drikke, så er alt heilt topp! Eg oppfordrar til å teste ut denne nye juicen!

19 februar 2007

Bergen 11.febr.-16.febr. 2007

Etter Florø var det Bergen som sto for tur for Teamelim! Til stor glede for meg! Det var veldig kjekt å få møte kjente folk og vere i ein kjent by, som eg rakk å bli gla i dei åra eg budde der. Vi i teamet var plassert litt rundtomkring, sjølv budde eg hos Tord og nokon andre slektningar. I andre etasje der bur ho Hanna. Ho er også leiar i Bobla TS som vi var på besøk hos ein dag. Då hadde ho baka kake til oss! Elles denne veka var vi rundt omkring på Ten Sing-besøk. Sotra, Os, Bergen TS. Det var ei fin veke!

Florø 5.febr.-11.febr. 2007

Vi fekk vere med på det fyrste Vintertreffet i Florø nokon sinne. Det var kjekt og vellykka! I veka før var Teamelim på team der, og var med på Ten Sing, hadde konfirmantar og barnegospel. Florø er ein fin by! Faktisk mykje finare enn det eg hadde trudd!

Dette VT'et blei nesten eit like mykje familieVT som det som var på Hareid. Julianne er i praksis i Florø, Øyvind og Tord kom frå Bergen og Gard kom frå Hareid. Så no har alle i familia fått sett konserten og helst på gjengen min!:)

























Konserten sett bakfrå!;) Joachim observerar Pelle som kallar på ein av superheltane sine.
"Helicopter" på KveldsRollz.