25 januar 2008

Vinterferien som snart kjem

Når det blir vinterferie då reiser Hedda og eg på ferie til ein plass som er venta å vere blant dei varmaste i Europa på denne tida! Playa del Cura på sørvestkysten av Grand Canaria. Ein ekte charterferie som vi skal nyte som dei lærarane vi er med dei lærarferiane vi har!


Denne gongen skal vi faktisk reise uten deltakarar! Sorry Linn og Joachim!;)


Eg håper du tek med biebrillene dine Hedda!?!


Og ikkje minst håper eg du har turisteffektene dine klare!


Dette vert bra!
Om ikkje lenge er det dette som forhåpentligvis er kvardagen vår i ei veke!:)

01 januar 2008

Årskavalkade 2007

Ja då skal årskavalkada på plass...ikkje akkurat i årsskifte, men det får gå. Eg har ikkje med bilde frå dei første månadane, dei kan du gå tilbake på bloggen å sjå! I tillegg til alt eg får med her, så har eg hatt mange fine dagar med mange flott folk! Takk for dei folkens!:)

JANUAR
Farmor døydde 9.januar. Etter det reiste eg på TSN igjen og starta på Norgesturneen.

FEBRUAR
Norgesturne og vinterferie.

MARS
Jonas til Sara og Espen blei fødd den 1. mars.

APRIL
Reising med TSN i Slovakia og Tsjekkia. Sol og finever-lykke!:)

MAI
Bustad med TSN: Litomysl i Tsjekkia. Deltakarane las til eksamen og elles mykje anna sleppe-å-lese-til-eksamen-ting og vi leiarane jobba litt og koste oss mykje! Vi gjorde og mykje ilag både deltakarar og leiarar! Blant anna spelte vi frisbee ultimate og volleyball. Kjekt!

Kristoffer, eg og Øystein

JUNI
TT-07 på Gjøvik! På TT var det som vanleg mykje forskjellig;

Hallprogram med Jan Erik Larsen

Møte kjente, blant anna dei eg sjølv var på TSN med i 00/01. Erik, Øyvind, Marit og Sindre

Nyare bekjente, nokre av gutane frå årets TSN Morten, Øystein og Kristian...og reklame for maten på TT07

Og henging med slekta, Silje og eg

JULI

Christopher, ein god venn, døydde i ei bilulykke 1.juli. Meiningslaust og tragisk. Var på grava her ein dag, og det er framleis alt for sårt.


Her er han på besøk hos meg i påska saman med døtra Celina på 1,5 år

Grytuka! Alle syskenbarna med og uten følge var samla til ei sosial veke på Skjerstad.


AUGUST
Kristen Ragnhild og Espen gifta seg den 11. august i Ørsta


Eg kjøpte meg bil, fekk leige leilighet på Bigset og starta i jobben på Ulstein Ungdomsskule. Der har eg kjekke kollegaer og kjekke elevar. Blant anna fekk eg bli med tre kollegaer ut å segle ein dag-det var stas!


SEPTEMBER
Marit og Sindre gifta seg den 8. september på Skjerstad


Iren og Henrik gifta seg den 15. september på Hareid/Giske


OKTOBER
Landsarrangement og haustferie-deilig med den første lærarferien nokon gong!;)

NOVEMBER
Elevstævne på Silkeborg Højskole. Der fekk eg møtt igjen dei som gjekk på skulen og ein del av TSNdeltakarane mine!

Anders, Arni, Simen, Margit og Inger


Joachim, Linn, Maria, Hanne, Eva, Kristoffer og Siri


I november fekk eg endelig lært meg korleis ein lagar kjøtrull!

DESEMBER

Julemiddagen; eg, farfar, Øyvind og Julianne


Nok eit innhaldsrikt år med dei gleder og sorger
som ein må ta som dei kjem.

Takk for skiftet!

23 desember 2007

Sokkedans


Dette bildet er teke under discotekte på ungdomsskulen sitt juleball. Kven bryr seg vel om mote når det rykkar i rockefoten?

15 desember 2007

1883 sider med ein god slutt

Eg har aldri vore glad i å lese tjukke bøker, men i haust var pappa så overbegeistra for ei bok han las at eg rett og slett fekk lyst til å lese ho. Eg las ho og var like begeistra, ja faktisk så begeistra at mamma ikkje klarte å halde seg frå å lese boka ho heller(detskalleggasttilmedlitaogsamanhengandeskriftathoikkjevarlike entusiastisksomossetterathovarferdig). Boka heiter Menn som hater kvinner og er skrive av svensken Stieg Larsson. Denne boka er den fyrste i ein triologi. Dei to neste bøkene heiter Jenta som lekte med ilden og Luftslottet som sprengtes. Alle bøkene har fått terningkast 6, og eg kan godt anbefale dei eg også! Eg har ikkje trudd at eg skulle like krimbøker, men dersom det er dette som er krim, så kjem eg til å lese meir av den sjangeren!

Eg veit det er mange som held på eller skal lese bøkene, og eg er ute av trening på å skrive bokmelding(eg skal øve meg ein annan gong...). Difor har ikkje tenkt å sei noko om kva dei handlar om, viss du vil høyre så ta kontakt! Berre ein kommentar skal eg ha, og det var at fyrste boka hadde ein utilgjeveleg slutt. Eg hadde lyst å klippe ut dei tre siste avsnitta, men klarte å hegne meg. Eg visste at det kunne bli bra igjen, fordi der var to bøker eg enno ikkje hadde lese. No er eg altså ferdig med 1883 sider, og er godt fornøgd. Faktisk så fornøgd at eg las siste sida fem gongar før eg leverte ho inn på biblioteket(mulegateinkunneskimtenokretåreiaugekrokenogså)!



"Så åpnet hun døren og lot han komme inn i livet sitt igjen!" Akk!

Eg er blitt vaksen!

Det er tre grunnar til at eg har verkeleg er blitt vaksen denne hausten. Her er dei:

1. Det starta med eit brev eg fekk i juni. Der stod det at eg blei tilbudt ei 80% stilling ved Ulstein Ungdomsskule med lektorløn. Både mamma og eg stussa, for eg er som mange veit ikkje lektor, men adjunkt med opprykk. For dei som ikkje er heilt inne i lærarutdanninga, så er lektor ein lærar med mastergrad. Og det har ikkje eg, sjølv om eg har studert lengre enn det master tilsei. Eg valde det slik! Dette brevet viste seg å vere sendt feil. Stor glipp av Ulstein kommune! Men det ordna seg for meg, for ca ei veke etter fekk eg telefon frå rektoren ved skulen og sa at ho hadde jobb til meg! Eg starta i august med 80%, men gjekk opp til 100% berre etter ei veke. Så no er eg fulltidsansatt!

Eg trivast i jobben, både med dei vaksne og elevane. Vi er fleire frå Hareid som jobbar der, så innimellom må vi kjempe litt for det vi trur på. Vi var på fjelltur i haust, og på bilde her måtte vi tulle litt med elevane. Vi skulle sjå kor lang tid det tok før dei oppfatta kva ho Kristin gjor midt i blant dei! Dette bilde blei tatt i det dei oppdaga det! Hehehe! Makt til Hareid!:)


2. Eg skreiv i ein post i juni at eg fekk beskjed frå dei vitande vaksne å ha is i magen med tanke på jobb. Når eg så fekk det, rengte eg ein bil. Eg kjøpte ein Opel Astra den 7.august. Det er min fyrste, så eg vil nok hugse den for alltid! Den har enno ikkje fått namn, eg ventar på at det perfekte skal kome til meg ein dag!



3. Eg leiger leilighet åleine. Eg har faktisk aldri før budd åleine. Enten heime, på TSN x2, på studentheim eller i kollektiv. Eg er vand med å ha folk rundt meg til ei kvar tid, så det er til tider ganske kjedelig. Heldigvis har eg mange folk rundt meg på jobb og på ein del ting eg gjer utanom det! Det går seg vel til har eg (nesten) slått meg til ro med...

Sidan eg alltid har budd møblert, så hadde eg ikkje så mykje å møblere leiligheta med. Eg måtte ut å få tak i litt av kvart. Eg har stor sett fått eller kjøpt brukte ting, og det er fleire grunnar til det. Eg synes det er mykje fint i det gamle, eg synes det er kjekt å pusse opp ting og det er billig! På bilde hjelp pappa og Espen meg med gamle møblar eg fann i huset til ho farmor og han farfar. Bilde under er frå leiligheta mi, der det viser korleis bordet og stolane vart sjåande ut.


Så no har eg ein vaksen kvardag, og eg trivest med det!

14 desember 2007

Avslutningveka på TSN

"Neste post skal kome med bilder frå denne veka!" Dette skreiv eg 1. juni i år. No skriv vi 14. snart 15. desember, og eg har enno ikkje gjort det. Kva eg har gjort det siste halvåret skal eg kome tilbake til i neste post, no skal eg skrive litt om avslutningveka vi hadde på TSN!
Slik såg romet til Ragnhild og meg ut då vi heldt på å pakke. Min del er til høgre...og på grunn av x antal kolli fekk eg alt med meg! Heldigvis! Eg veit ikkje kva av alle dei billige varene eg hadde kjøpt eg skulle ha lagt frå meg! Vi køyrde med buss frå Litomysl til Silkeborg! Ein tur som over all forventing ikkje var så lang som vi hadde grudd oss til. Og når vi venta på noko godt-så venta vi heller ikkje denne gongen forgjeves! Vi kom fram til Silkeborg midt på natta og blei der heile dagen og ei natt til! Nokon av alevane frå Euro class var der fortsatt, og eg var spesielt glad for at Laura-Liisa frå Estland var der!


Morgonen den andre dagen sette vi oss på nytt på bussen som då køyrde oss til Fredrikshavn. Der tok vi same båten som vi tok heim til jul eit halvår før. Og vi åt same måltid som vi åt eit halvår før. Lunsjbuffeen på danskebåten er ikkje oppskrytt!

Då vi kom til Rønningen hadde vi ein del å fikse sånn på tampen av året, men i fokus var avslutningane med teama og heile gruppa. Eg tok med teamet mitt i Frognerparken, der vi kosa oss med frukt og frisbee. Vi var hos Joachim og åt reker og på konsert med Skøyen Ten Sing. Vi såg filmen frå Balkan og vi delte ut avskjedsgåver. Ein flott kveld!

Ein del av teamet; PK, Erik, Hanne, Joachim, Siri og eg.

Så var det tid for festkvelden for heile gjengen. Vi hadde gudsteneste, grilling med dessert ute i fineveret og programkveld inne. Under er bilde frå då vi leiarane hadde laga dans til Mika sin Lollipop-song.



Det var ein kveld med mykje godt program. Vi fekk også oppklart karabingåta til ho Mari! Eg gav ho alle karabinane som har vore i omløp sidan i fjor haust, og forklarte stort sett heile hendelsesforløpet! Det har vore ein kjekk og langvarig spøk! Ikkje sant?!?:)



Då vi hadde sendt heim alle deltakarane, tok vi oss ein tur på ein av båtrestaurantane ved Aker brygge og spiste reke! Nydelig ver, god mat og kvitvin! Det var faktisk ein av mine draumar som gjekk i oppfyllelse denne dagen! Eg tenkte lenge at eg ville lære meg å like kvitvin, slik at eg ein gong kunne ete reker og drike kvitvin på ein båtrestaurant. Kvar denne draumen i utgangspunktet oppsto har eg ikkje peiling på, men no kan eg iallefall krysse han ut!:)



TUSEN TAKK FOR EIT FLOTT ÅR!

01 juni 2007

Alle desse dagane, kva har eg gjort?

Eg lurer faktisk på om dette blir min fyrste blogpost uten bilete. Ein gong måtte det og kome. No skriv vi 1.juni og det er tre dagar til vi reiser frå Litomysl. Trass i stabilt internett den siste tida, har eg ikkje hatt tid til å skrive her. Det er lygn, men er har iallefall ikkje hatt tiltakslyst. Derimot er det mykje anna eg har gjort. Eg har til dømes sola meg ein god del. Eg likar sola i Tsjekkia! Eg har hatt mitt fyrste lærarjobbintervju -uten å få jobben. Det er ikkje trist altså. Planen min for hausten er å flytte til Hareid, bu i heimen vår fram til eg tenar nok pengar til å bu åleine. Eg satsar på at det ikkje tar for mange månadar! Eg har og lyst å kjøpe meg ein bil, slik at eg kan vere raskt på staden dersom ein rektor ringer meg. Muleg det blir nokon timar i pleie-og omsorgetaten også. Vi får sjå. Dei vaksne, som har peiling på dette med lærarjobbar og vikariat, rådar meg til å ha is i magen i haust. Ok!

Det har og blitt ein del tid til å spele frisbee og volleyball. Det har vore kjekt. Ja, og apropo frisbee(eller skjeneplate som det heiter på norsk) så har eg fylt 26år sidan sist eg skreiv her. Litt skeptisk til at eg har bikka 25, men det er fint lite å gjere med det. Eg tar det med eit smil og leikar meg med skjeneplatene! Det er ingen som vert yngra med åra uansett!

Litt handling har vi og hatt tid til i Litomysl. Ein typisk butikk her er at eg kjem inn, helsar på den i den asiatiske familia som er ledig til å hjelpe meg, eller som berre fylgjer med på kvar eg går og kva eg ser på. Til høgre er kassa som er overfylt av øyredobbar til seks norske kroner, diadem med dødningsskallar, mobiltelefonetui, tynnesokkar, neglelakk osb. Til venstre heng øyredobbar i "gull" og plastikk og capsar og huer til born. Vel du å gå til høgre kjem du til barneavdelinga, rett fram er prøveromet og rett frem og til høgre er dameavdelinga. Der er det toppar som når meg til mellomgolvet og som strammar over brysta, trass i at størrelsen er XL/XXL. Neida, det er ikkje fullt så gale, men heller ikkje langt unna. Ei dame stoppa meg i å prøve ein topp i denne størrelsen ein dag. Ho meinte nok at den kom til å bli ødelagt. Takk for den tenkte eg, og gjekk derifrå. Det er ikkje mykje som er dyrt i dette landet, iallefall ikkje i slike familiedrivne butikkar. Kjolar med prikkar og shortsar med ruter er blitt dei nye Ten Sing Norway-klena. Faktisk så har eg ikkje kjøpt nokon av dei, men ein del anna. Er ikkje det nett slik at det som er billig er bra? Vi får vel sjå kor lenge klena held saman i saumane og øyredobbane let vere å bli grøne. Så lenge er vi iallefall førnøgde!

Før jul var eg ei natt borte frå deltakarane. Då var eg i København med Silje. Denne våren har eg og vore borte ei natt frå deltakarane. Andreas og eg var i Praha. Når vi er fire leiarar på eit slikt prosjekt, og to av dei er gift, så blir det avogtil slik at ikkje alt er like logisk. Det var fleire som stussa på at det var vi to som skulle reise, men vi hadde ein fin tur vi! I Praha har dei litt større utvalg av butikkar enn i Litomysl. Vi var innom ganske mange av dei meir kommersielle butikkane og ein god del sports- og friluftsbutikkar. Vi var godt fornøgd begge to. Vi fekk og brukt litt tid på ymse cafèar og ein god biff på restaurant. Denne biffen var ekstra god, men det å gå på restaurant er ikkje luksus for oss lengre. Det er fordi vi er ute å et middag kvar dag her nede. Heldigvis er her litt å velge i mellom. Mexicansk, pizza, vanlig restaurantmat, kinesisk og tsjekkisk om ein vil. Det er blitt ein vane, så eg lurer på korleis det skal gå når vi kjem til Noreg igjen. Der vil summen på det same måltidet bli meir i norske kroner enn det vi betalar i tsjekkiske korun. Trass i at vi deler summen her på ca 3,4 for å finne norsk pris.

Vi har og feira 17. mai med tre gongar tre HURRA. Dersom du vil lese om det og sjå bilete frå dagen, så kan du gå inn på Hedda sin blogg. Linken er til høgre.

På veg heim til Noreg skal vi stoppe to netter og ein dag på Silkeborg Højskole. Gleda var stor då vi oppdaga at vi kunne gjere det, og den var ikkje mindre då vi sa det til deltakarane. Det vert nokon fine dagar i avslutningsveka. Ei veke som kjem til å bli trist og fin. "Jeg både gruer meg og gleder meg", som Klovner i Kamp syng. Neste post skal kome med bilder frå denne veka!
Takk og godnatt frå Litomysl.

13 mai 2007

Grand Prix 2007


12.mai var det tid for den årlege Grand Prix-finala -også i Tsjekkia, sjølv om dei på lik linje med Norge ikkje fekk vere med og synge. Nokon av deltakarane laga til GP-fest, og for fyrste gong på mange år synest eg det var kjekt å sjå på GP-finala! Resten av oss fekk i oppdrag å stæsje oss opp. Dei som kjenner meg godt veit at ynglingssongen min er vinnarlåta frå 1985; La det Swinge med Bobbysocks. Dessverre for meg så ligg alle Bobbysock-look-a-like-klena mine heime, så då måtte eg finne eit alternativ. Eg leita litt på nettet og las meg til at bobbysocks er det engelske namnet for ankelsokkar, så kva blei då meir naturleg enn å finne fram dei sokkane som likna mest muleg på "ordentlege" bobbysocks!










Vi fekk låne eit rom på slottet og vist programmet på storskjerm. Vi blei inndelt i land, og vi fekk utdelt poengark der vi fylte ut show, vokalprestasjon, songen, kle/klesskift, modulasjon. Alt vi treng for å kåre ein vinnar. Mitt land var Tyrkia og vi stemte Sverige på fyrsteplass. Det viste seg å vere totalbom. Derimot hadde vi Serbia på tredjeplass, og dei gjekk heilt til topps! Ikkje ein direkte GP-låt, men ein god prestasjon!:)

Berre på Ten Sing Norway!


To gongar i mitt liv har eg hatt andlete fullt av krem medan eg har vore på restaurant. Begge gongane har vore på Ten Sing Norway. Ein gong i Slovakia for seks år sidan og ein gong no i Tsjekkia. Den fyrste gongen var nok, om ikkje med viten, så med vilje. Denne gongen var det ein av deltakarane som så fint plasserte handa si på bakhaudet mitt og pressa det ned i desserten! Jada! Det er humor, og det blir kjekke bilete av det!

28 april 2007

Prinsessar i eige slott

No er vi komne til Litomysl i Tsjekkia og vi bur på eit slott! Her blir vi til 6. juni, så det kjem nok nokon postar til før vi reiser her i frå. Byen er kjempefin og det same er veret. Held det seg slik blir det nok mykje utetid på oss her nede! Elles skal deltakarane skrive oppgåve og lese til og ha eksamen, og vi leiarane skal jobbe ein del og elles slappe av og nyte våren. Eg skal ha min fyrste vår på 11 år utan ein einaste eksamen. Det skal eg nyte!:)

Togturar

Sorry, but do you have this seat? I think I've got number 21 to 28. You can see the reservation here on the door. Are you sure you've got it? Slik har mange samtalar på toget her nede starta. Det er ikkje alltid like kult å måtte be folk om å flytte seg fordi dei sit på plassane ein har kjøpt. Men det er kvar sin gong, og takk og lov for at det finnes ei slik løysing! På eit vel overfylt tog er det veldig deilig å kunne vite at vi har ein heil kupè kun til teamet og all bagasje og alt fellesutstyr. Det blir fullt, men det er ganske så mykje bedre enn å sitte litt her og litt der. Spesielt når ein så skal av toget igjen!:)

BRATISLAVA

Eg merkar at eg har byrja å skrive overskriftene med store bokstavar. Det er ein enkel grunn; nostalgi! Eg er tilbake i det andre landet eg har budd lengre enn ein månad i. Slovakia. Denne posten er frå Bratislava. Byen vi i 2000/2001 reiste til for å handle og henge. Eg har hatt lyst tilbake heilt sida den dagen vi reiste der i frå i juni 2001. Og no er eg her igjen.

Vi fekk nyte dagane i byen med strålande ver. Vi hadde utekonsertar der Ten Sing frå Banska Bystrica varma opp for oss. Det er ikkje kvar dag at ein får eit oppvarmingstensingkor altså!:)

Alt i alt hadde vi fri to heile dagar i Bratislava. Det var veldig deilig og lite lønsamt. Vi gjekk i hanlegata, på TESCO, i gamlebyen og litt andre plassar. Vi var sjølvsagt innom Etno Sumba, som var ein av ynglingsbutikkane vår då vi var på TSN. Sei det slik; i bagasja mi no har eg noko eg kjøpte der for seks år sidan og noko eg kjøpte nettopp.


Å vere på TSN vil til tider sie å vere lik andre. Vi går innom dei same butikkane og fell ofte for det same, iallefall når ein ser kor fint det er når den andre har det på seg. Sånn som foreksempel desse Converse-skona. Maria var fyrst ute, og Mari og eg fylgte etter. Alle like stolt og glad!
I Bratislava hadde Linn, Hanne og eg sesongslutt på Prison Break. Vi ventar i spenning på sesong 3!