14 februar 2009

Skileirskule 2009


Onsdag 11. til fredag 13.februar var 9c, 9d og 9e på leirskule på Fjellsætra. Fyrste dagen tok vi med oss heile gjengen og gjekk på tur. Pausa var lagt til eit område med mulighet for å lage skihopp. Mange gutar var aktive der, flotte hopp og mange fall! Elles var aktiviteten snødukking, så heldigvis hadde mange av elevane hettegensar og joggebukse!:) Frå klokka seks var det kveldsope i trekket, og Gunhild(som eg er kontaktlærar saman med) og eg fekk stått litt på telemark og sett på og snakka mykje med elevane.

Leggeprosessen er eit kapittel for seg sjølv fyrste natta på leir. Det veit alle som har vore leiarar! Forrige helg hadde eg med Hedda som leiar for Hareid Ten Sing på vintertreff i Ulsteinvik, og eg kan vel rett som det er seie at denne fyrste natta var ganske lik som fyrste natta på VT. På Fjellseter ungdomssenter, der vi overnatta, må nokre ligge på hytter medan resten får ligge i hovudhuset. Vi tenkte at gutane skulle få ligge inne, slik at vi kunne ha ein viss kontroll over dei. Denne fyrste natta la jentene seg klokka tolv, og eg må innrømme at akkurat då skulle eg ønske at det var gutane som fekk ligge på hyttene. Det siste stadfesta tidspunkte eg veit er at nokon var våken var 02.40 på grunn av ein telefon til ein annan elev. Eg veit og at eg var våken klokka 03.54 og då var det stilt. Så dei vart vel trøtte til slutt.

Neste dag var vi i trekket på dagtid, og då kvelden kom var mange så trøtte at dei ikkje orka kveldskøyring. Vi hadde ei lita ykt med leikar, og Ole Lukkøye kom heldigvis litt raskare denne natta. Nokre elevar har og fått lære litt om massesuggesjon, skjønt eg veit ikkje heilt om dei kjenner til det ordet enno. Helga før vi skulle på tur var det eit skulekorps frå Ulstein kommune som var på korpstur til Fjellsætra. Dei blei fortalt at det var ein gong ei jente som døde, og som no går att. Så då ting forsvann(i alt rotet), det knirka i(det gamle) huset og då det minka på brus og kjeks(som to frekke gutar hadde forsynt seg med) var det ikkje tvil om at "nokon var der". Eg veit at eg hadde vore akkurat lik dei forskremte jentene den gongen eg var konfirmant på leirskule. Men heldigvis er eg no vaksen, og har lært meg å velge vekk kva eg vil tenke på. Det tok ikkje så lang tid å få ro i gjengen, og som eine jenta sa; "eg trur vi kjem til å flire av dette på bussen heim i morgon!" Eg satt ikkje på bussen, men eg trur nok dei flirte!

Neste morgen var der pakking, vasking og heimreise. Det gjekk som smurt, og no gler eg meg til neste helg, for då reiser eg på ferie utan elevar. Kjekt med og kjekt utan!

08 februar 2009

Askepott, kvar er du?



Truleg på juleball med Ulstein ungdomsskule!
Eg skreiv om juleballet i 2008 då eg opplevde at eit must for dansinga var tjukkelestar. Og tradisjon tru, så var det tilfelle i 2009 også.

Det som var nytt av året på gutesida var opne skjorter og slipset knytt rundt haudet. Sant å sei så likna heile sulamitten mest på eit firmajulebord omlag klokka fire om natta(slik eg ser for meg at det er iallfall). Trenden vart starta av dei tøffe 10.klassegutane, så det tok ikkje så lang tid før 8.klassingane forsto kva som var kult!

På nett igjen!

Jess! Då er eg på nett igjen. Ikkje det at eg nokon gong har vore utan nettforbindelse, men som dei vaksne sei; "tida strekk ikkje alltid til". Mykje jobb, mykje studie og mykje kjekke aktivitetar på fritida gjer sitt til at bloggen ikkje har blitt prioritert. Men no i dag, ikkje i morgon skal eg starte på eit nytt og betre bloggliv!

Så kva er det som har skjedd sidan sist? Forrige post handla om at farfar vart 95 år. 3.januar i år så døde han. Han var gamal og trøytt, og no trur eg han har det godt saman med farmor igjen.



Elles har eg starta på kick boxing, og slutta igjen. Slåstkjempane vart for store for meg, og slaga for harde. Så no etter jul har eg starta på vanlig taekwondo og har fått gult belte! Bilete skal kome!:)

14 september 2008

Farfar 95 år!




30.august vart farfar 95 år. Det er ei bragd!

Skuleåret 08/09

Så var sommaren over, og skulestart ein realitet! I år skal eg vere kontaktlærar for ei 9.klasse saman med Gunhild! Det gleder eg meg til! Forskjellen frå i fjor er at eg i år skal undervise i norsk, samfunnsfag og RLE(tidligare kalla KRL) for fyrste gong! Det er kjekt, utfordrande og meir arbeid enn kva eg i utgangspunktet forventa! Men eg vert klokare også - på fleire områder! Og det skal ein ikkje kimse av!

11.september(sju år etter...) hadde vi friidrettsdag med skulen! Strålande sol og nesten 20 grader - i september!
Altså var det ein flott dag med mange glade folk!


Om ettermiddagen denne dagen starta eit studie eg skal ta i år. Norsk 2 lese- og skriveopplæring i skulen. Fyrsteintrykket mitt er at eg kjem til å lære mykje nyttig. I tillegg kan eg kombinere samlingane med å besøke ho Maria som akkurat har flytta til Volda. På mitt fyrste overnattingsbesøk fekk eg servert kakao med chili!
Kan anbefalast! Takk!


Etter studie og ei vekesluttkake på ein kafè i Volda for eg heim å møtte Hedda som kom på besøk for helga! Vi fekk oppleve kjendisfest med Ten Sing, snakka, møte Hedda sitt syskenbarn Guro som er elev ved SUFH, shoppa i Ulsteinvik, snakka, planlagt ferietur til vinterferien, ete pizza, snakka, sett film og ikkje sist men minst(som ein elev skreiv ein gong); vi fekk ei oppskrift på ei Oreo-kake som vi testa ut - og det gjorde vi med stor suksess!


...og her kjem resten av lærarferien min!

No tek eg til vett etter litt press frå omverda! forrige post var 3.juli, og no er det 14.september - på tide med ein ny post altså! Etter speidarleir gjekk turen til Skjerstad det Morten og Ann Kristin gifta seg 4.juli! Gratulerer!


Det vart berre ei helg denne Skjerstadturen og, men til gjengjeld rakk eg å møte stort sett heile Gryt-slekta! Den nye sporten her oppe er frisbee golf, så søndagen gjekk med til Skjerstad Open saman med mange syskenbarn, andre innbyggarar og tilreisande!


Mandags morgen for pappa, mamma og eg til Gran Canaria. To veke med sol og sommar saman med naboane Ole Kristian, Arnhild og Ingvil. Anfi del Mar og Anfi Tauro -ei veke på kvar plass i flotte leiligheter! Strålande sol og litt bris!
Ein typisk dag på Gran Canaria!


Så venta Overåsanden på meg då eg kom heim! Borte bra, men ingenting er som SANDEN på ein flott sommardag heime!
Ein typisk dag på Overåsanden!


Det blei mykje ollj i sommar! Og kjekt var det! Ranate, Camilla og eg tok og tilogmed ein tur til Kvamsøya! For fyrste gong i mitt liv faktisk. Ein kamerat av Renate var på ferie der, så då var det berre å reise! Tre kvarter med ferge kvar vei må planleggjast! Yatzy er tingen!


Helga 8.-10. august kom vi oss endeleg avgårde til det flotte Bremanger, nærare bestemt Grotle!
Fem jenter på tur! Gjennom Firdaposten vann vi billettar og back stage til DDE! Humor! Konserten var konge og back stagen var meir så som så...spør viss du vil høyre om det!
Men alt i alt var helga kjempekjekke!

03 juli 2008

Sommarferie

Det er deilig å ha ferie! Og ferien min skal vare lenge. Når det er ferie kjem mange kjekke folk tilbake til Hareid(ferieøya), og då er det ikkje kjedeleg ein einaste dag. Til no i ferien min har eg fått vore i bursdagsselskap med OL-tema. Eg valde Tonya Harding med boa og jernstong. Om ikkje alle detaljar er slik som i 1994, så har eg i det minste pariser(nakke)flette! Ann Helen-løypeheiar(Renate og Bente når dei var der) og eg var på lag. Vi konkurrerte i bamsemumseting, rebus, papirfly, spyd(sugerør) og springing. Vårt lag gjekk av med samanlagt seier. Vi hadde tre gull og to sølv!


To dagar etter for speidarane frå Hareid til Gjermundnes på krinsleir. Der har vi vore ei veke og hatt det veldig kjekt! Mykje regn ein dag og litt småbyger fleire dagar. Dei siste dagane var det sol og nærmare 30 grader. Det er deilig å få bo ute igjen syns eg. Det er seks år sidan eg sist var på leir, og det skal ikkje bli like lenge til neste gong!




Så er det berre for ferien å fortsette, og eg skal kome tilbake med fleire postar frå lærarferien min!

07 mai 2008

Hallgeir sine høner til hønehimmelen for...




Då eg var mindre hugsar eg at pappa brukte å kjøpe høner hos Hallgeir(for deg som ikkje kjem frå øya: Hallgeir er han som har hønseri på Hareid). Pappa brukte å flå dei sjølv og vi ungane stod spente rundt og venta på at han skulle finne egg som endå ikkje hadde fått hardt skall. Eg hugsar det som noko spennande og kjekt! No for eit par dagar sidan drog pappa og eg til Hallgeir for å kjøpe høner. Vi fekk 20 stykk daude høner som vi skulle flå. Pappa viste meg korleis eg skulle gjere det; skjere av føta, vingane og stjerten(på hønsespråket heiter denne vøle). Så sprett du opp skinnet og dreg det av høna. Deretter skjere ein til og dreg ut innvollane. Så skal ho vaskast og frysast.

Heilt ærlig så var dette ei veldig kjekk oppleving, tru det eller ei! Vi flirte mykje! Eg har snakka med fleire om det, og tilogmed informert mine msn- og facebook-vener. Eg tok fleire makabre(sett i ettertid) bilder og hadde store planar om å legge dei ut her på bloggen. Derimot slit eg no når eg skal velje ut dei eg skal ta med. Synest nesten det er litt kvalmt å sjå på dei blodige bilda. Difor får dokke som les bloggen min ta til takke med eit som talar for seg sjølv. Og eg kan godt tenke meg at mange av dykk er vel fornøgd. Er du særskild interessert så får du heller ta kontakt og eg skal halde ei lysbildeframsyning for deg!

02 mai 2008

Lott og løye!


Renate, Camilla, Rebekka og eg på Overåsanden 1.mai!






Om å krype til korset


Tord har vore i Egypt og kjøpt arabardrakt til seg sjølv og Gard

For ca 10 år gjorde Gard noko som eg har håna han for heilt til den 29. april i år. Han hadde ansvaret for å vaske opp hos mormor ein dag, og fann ut at han i staden for å vaske opp for hand like gjerne kunne bere all oppvasken bort til tante og onkel(30 meter unna) som hadde oppvaskmaskin. På grunna av dette har han fått kommentarar som: Åååh! Gape! Sjukt! og oppgitt risting på haudet kvar gong dette har komt opp i løpet av desse 10 åra som har gått.

No er det min tur å ikkje ha oppvaskmaskin. Det fungerar for det meste, men utfordringa mi kjem når eg ikkje rekk/orkar å ta oppvasken etterkvart og det hopar seg opp i oppvaskkummen. All kred til Tupperware, men når ein ikkje har oppvaskmaskin så er ikkje veien frå plastikkhimmelen til plastikkhelvete lang! No dei siste fjorten dagane av april har det vore ei slik opphopingsperiode. Grunnen denne gongen er at vi har hatt så fint ver, og då har eg faktisk samvit til å la husarbeidet ligge!

Problemet mitt kjem når eg då må starte på dette fjellet av glass, bestikk, skåler, fat, plastikk osv. Eg vert rett og slett utsleten av å tenke på det. Avsky er vel det ordet som skildrar mine følelsar for det best. Så tilbake til denne merkedagen 29.april. Gard er heime en tur, så eg inviterte han og pappa på middag. Og då vi var ferdige med å ete klarte eg ikkje å dy meg frå å spørre om dei orka å ta med seg oppvasken min heim til Geilane for å vaske han i oppvaskmaskina. Eg kraup til korset og eg er glad for det!

Det høyre og med til historia at då Gard kom bort til tante og onkel for å putte oppvasken i maskina, så var den i ustand. Og så stolt som Gard er så skulle ikkje dette oppdagast, så difor blei han ståande der borte å vaske opp for HAND!:)

29 mars 2008

Ei tid med Barbie

Ein gong i tida var barbiedukker det kjekkaste eg kunne leike med.

...og det ser ut som om det er det fortsatt, men ikkje la deg lure av bilde! Eg skulle finne noko i eit kott, og der fann eg barbieutstyret mitt! Alle som nokon gong har eigd ei Barbie skjønar at eg då berre måtte prøve å kle på og av dei eit par tre-fire-fem gongar.

Eg var veldig heldig å ha eit par tanter som skjønte at Barbie var tingen og som sydde klede til desse dukkene mine. Dette var kleda som Barbie kunne bruke til kvardags...




...og til fest så kom kjøpekjolane til sin rett!


Silje syskenbarn og eg leika veldig mykje Barbie ilag. Vi var kreative på mange felt i Barbieverda. Omlag alt vi fann kunne brukast til eit eller anna. Som du ser på bilde under så brukte vi teiknestiftar til øyredobbar og klipte håret til dei kulaste sveisane. Den beste var Silje som klipte Tomboy-Torhild-sveis på si dukke. Kortklipt og fletta rottehale!


Eg fekk aldri Ken, men det stoppa ikkje familielivet til Barbie! Ho fekk ungar i fleng! No i ettertid stussar eg på om ho var av den trufaste typen, for eg synest ikkje det ser ut som om ungane har same far. Men som eg skreiv, så kan nesten alt(og alle) brukast!


Det er mykje rart ein leikar som barn. Eg var veldig glad i desse små babydukkene på bildet. Problemet mitt var berre at dei ikkje passa heilt inn i Barbieverda. Dei var for store til å vere baby, og samstundes såg dei for baby ut til å vere eldre sysken. Løysinga mi då var at dei fekk vere systra eller broren med Downs syndrom. Enkelt og greit.

19 mars 2008

Eg har vunne i lotto!


Eg er av dei som tippar berre for å ikkje la sjansen gå i frå meg. Eg er nemleg utrusta med vinnarflaks. Kvar tiande veke tippar eg Lotto og Vikinglotto for tilsaman 180 kroner. Det er 18 kroner i veka, noko eg ikkje synast er bortkasta fordi eg stundom vinn mellom 36 og 46 kroner. Ei lita glede i kvardagen!

Sist tippekupong gjekk ut i starten av februar, og eg har ikkje fått tippa på nytt før no på laurdag. Eg kryssa ut tala og fekk opp summen eg skulle betale. Der stod 180 kroner nederst på skjermen og 6810 kroner lengre oppe. Eg skjønte fint lite i starten, men med hjelp av kassadama så forsto eg at eg faktisk hadde vunne! Konge! Og dette var ikkje berre ei lita glede i kvardagen.
Ho var stor og det var laurdag!:)

17 mars 2008

Eiksundsambandet


Neida, det er ingen ting med meg som er minus 287 eit eller anna. Det er berre pappa-turisten som skulle ha meg med på eit bilde. Vi er nemleg 287 meter under havet i verdas djupaste tunnel. Denne tunnelen gjer at vi ut på øyane kan kome oss til fastlandet uten å ta ferge eller båt! Jippi!:)

16 mars 2008

Ferietid er god bloggetid

No er det palmesøndag, og det er fire veker sidan vinterferien var over og eg hadde kome att frå Gran Canaria. Korta eg sende er nettopp kome fram, så samvittigheita mi er berre litt dårlig fordi eg er so treig...

Før eg skriv frå ferien skal eg take med nokre opplevingar eg hadde før det. Gard blei TSN-leiar etter jul, og på vei sørover hadde teamet eit stopp her på Hareid. Dei var heime hos oss og åt middag, og så fekk vi dei til å ta ein liten opptreden for oss!!
Åååh! Fekk eit lite sakn der og då!


Tre tysdagskveldar i januar har eg hatt ei gruppe med konfirmantar heime hos meg. Det var kjekt!


Fyrste helga i februar var eg med Hareid Ten Sing på vintertreff i Sykkylven. Det også var kjekt!



Så reiste Hedda og eg på vår etterlengta vinterferietur til Playa del Cura!
Dette bilde illustrerer godt kva det var vi reiste dit for!


Vi landa i pissregn, men som vi hadde blitt lova, så var der finare ver lengre sør! Takk for det!


Vi hadde både sol og regn litt om kvarandre, men som det vande reisefølgje vi er så baud ikkje regnet på problem. Vi tok dagane og veret som det kom, og sidan vi og hadde regn så fekk vi nok oppleve fleire shoppeplassar enn om det hadde vore strålande sol heile tida! Avogtil var vi på stranda neste før sola kom...det var til tider veldig kaldt...men når målet er å bli brun, så kjempar vi for det!


Overalt kvar vi gjekk, høyrde og las vi norsk. Det var litt absurd. Eg har vore i ganske mange land, men aldri opplevd så mykje norsk som på Gran Canaria. Her er Hedda utanfor ein av dei mange norske spiseplassane.


Det var ein kjekk tur! Mykje lesing, god humor og mange opplevingar! Takk Hedda!

Og til slutt eit bilete av bokstavkjeksane vi kjøpte. Som den norskpersonen Hedda er, så leika ho seg litt medan eg var i dusjen.

25 januar 2008

Vinterferien som snart kjem

Når det blir vinterferie då reiser Hedda og eg på ferie til ein plass som er venta å vere blant dei varmaste i Europa på denne tida! Playa del Cura på sørvestkysten av Grand Canaria. Ein ekte charterferie som vi skal nyte som dei lærarane vi er med dei lærarferiane vi har!


Denne gongen skal vi faktisk reise uten deltakarar! Sorry Linn og Joachim!;)


Eg håper du tek med biebrillene dine Hedda!?!


Og ikkje minst håper eg du har turisteffektene dine klare!


Dette vert bra!
Om ikkje lenge er det dette som forhåpentligvis er kvardagen vår i ei veke!:)

01 januar 2008

Årskavalkade 2007

Ja då skal årskavalkada på plass...ikkje akkurat i årsskifte, men det får gå. Eg har ikkje med bilde frå dei første månadane, dei kan du gå tilbake på bloggen å sjå! I tillegg til alt eg får med her, så har eg hatt mange fine dagar med mange flott folk! Takk for dei folkens!:)

JANUAR
Farmor døydde 9.januar. Etter det reiste eg på TSN igjen og starta på Norgesturneen.

FEBRUAR
Norgesturne og vinterferie.

MARS
Jonas til Sara og Espen blei fødd den 1. mars.

APRIL
Reising med TSN i Slovakia og Tsjekkia. Sol og finever-lykke!:)

MAI
Bustad med TSN: Litomysl i Tsjekkia. Deltakarane las til eksamen og elles mykje anna sleppe-å-lese-til-eksamen-ting og vi leiarane jobba litt og koste oss mykje! Vi gjorde og mykje ilag både deltakarar og leiarar! Blant anna spelte vi frisbee ultimate og volleyball. Kjekt!

Kristoffer, eg og Øystein

JUNI
TT-07 på Gjøvik! På TT var det som vanleg mykje forskjellig;

Hallprogram med Jan Erik Larsen

Møte kjente, blant anna dei eg sjølv var på TSN med i 00/01. Erik, Øyvind, Marit og Sindre

Nyare bekjente, nokre av gutane frå årets TSN Morten, Øystein og Kristian...og reklame for maten på TT07

Og henging med slekta, Silje og eg

JULI

Christopher, ein god venn, døydde i ei bilulykke 1.juli. Meiningslaust og tragisk. Var på grava her ein dag, og det er framleis alt for sårt.


Her er han på besøk hos meg i påska saman med døtra Celina på 1,5 år

Grytuka! Alle syskenbarna med og uten følge var samla til ei sosial veke på Skjerstad.


AUGUST
Kristen Ragnhild og Espen gifta seg den 11. august i Ørsta


Eg kjøpte meg bil, fekk leige leilighet på Bigset og starta i jobben på Ulstein Ungdomsskule. Der har eg kjekke kollegaer og kjekke elevar. Blant anna fekk eg bli med tre kollegaer ut å segle ein dag-det var stas!


SEPTEMBER
Marit og Sindre gifta seg den 8. september på Skjerstad


Iren og Henrik gifta seg den 15. september på Hareid/Giske


OKTOBER
Landsarrangement og haustferie-deilig med den første lærarferien nokon gong!;)

NOVEMBER
Elevstævne på Silkeborg Højskole. Der fekk eg møtt igjen dei som gjekk på skulen og ein del av TSNdeltakarane mine!

Anders, Arni, Simen, Margit og Inger


Joachim, Linn, Maria, Hanne, Eva, Kristoffer og Siri


I november fekk eg endelig lært meg korleis ein lagar kjøtrull!

DESEMBER

Julemiddagen; eg, farfar, Øyvind og Julianne


Nok eit innhaldsrikt år med dei gleder og sorger
som ein må ta som dei kjem.

Takk for skiftet!